UiT-forskarar skaffar grøn og smart energi til Senja


Skuleelevane på Husøya var med på å avduka skulens nye solcellepanel under opninga av Smart Senja. Forskarar frå UiT samarbeider med aktørar frå næringslivet om å utvikla berekraftig, stabil energi for befolkninga på Senja.

Den offisielle opninga av innovasjonsprosjektet Smart Senja vart markert på Husøya tysdag, med ei avduking av eit solcellepanel ved Husøya skule. Til stades på markeringa var forskarar frå UiT, aktørar frå næringslivet, politikarar og lokalbefolkninga –  ikkje minst elevane ved skulen. 

Smart Senja er eit av prosjekta til ARC – Arctic Centre for Sustainable Energy ved UiT – der forskarane samarbeider med aktørar frå energibransjen og næringslivet og befolkninga på Husøya og Senjahopen.

Prosjektet tar sikte på å skaffa berekraftig og fornybar energi til eit område som har stort behov for strøm, men som har utfordringar med å skaffa nok energi.

Senja har stort behov for stabil energi

Senja er lokalisert på enden av det elektriske nettet, med eit relativt stort behov for straum i forhold til storleiken i samfunnet som følgje av den rivande utviklinga innan næringane på øya. Det har vorte etablert toppmoderne anlegg som nyttar avansert robotikk i prosesseringa av fisk som ikkje berre treng mykje kraft, men også stabil spenning og «rein» straum. Det er elles planlagt utbyggingar innan fleire andre næringar. Men det eksisterande straumnettet har nådd avgrensingane sine. Det må enten byggast heilt nye overføringslinjer, som er veldig dyrt og aukar nettleiga. Eller så må ein tenka ukonvensjonelt for å finna smarte løysingar.

Nye, smarte løysingar  

I prosjektet utforskar ein løysingar som handlar om mellom anna å fordela straumbelastninga over døgnet, avansert straumstyring av heim og næring, samarbeid mellom husstandar, forretninger og kraftselskap om distribusjonen av kraft, og ta vare på overskot av produksjon med batteribankar.

Arctic Centre for Sustnable Energy (ARC) er eit tverrfagleg senter ved UiT, med fokus på arktiske utfordringar og forhold innan fornybar energi og klimagasstyring. Senteret kombinerer kompetanse innan fysikk, humaniora, kjemi, samfunnsfag, anvend matematikk, marinbiologi, informatikk og elektroteknikk.

På Twitter   #norgesarktiske