ARV-utstillinga opnar i Tyskland


Jubileumsutstillinga ”Arv/ Unruly heritage” vandrar vidare ut i Europa. Første stopp på vegen er Humboldt universitet i Berlin, der utstillinga opnar 5. september.

Bilete frå feltarbeidet som ligg til grunn for utstillinga "Arv/ Unruly heritage". Foto: Bjørnar Julius Olsen

Utstillinga ”Arv/Unruly heritage” tek utgangspunkt i forskingsprosjektet «Unruly Heritage» som er leia av samtidsarkeologane Bjørnar Olsen og Þóra Pétursdóttir ved UiT Noregs arktiske universitet.

Torsdag ettermiddag opnar ho i Berlin av visepresident for forsking ved Humboldt universitet, Peter Frensch. Det vert òg tale ved dekan Sonni Olsen ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fakultetet), samt ei av dei som har jobba mykje for å få utstillinga til Tyskland, tidelegare prodekan ved HSL-fakultetet, Marie-Theres Federhofer. No jobbar ho ved Humbolt universitetet etter at ho fekk Henrik Steffens-professorat der i fjor.
Bjørnar Olsen og Þóra Pétursdóttir vil òg halde innlegg om utstillinga.

Her kan du sjå utstillingsomtalen ved Humboldt universitetet. 

Har undersøkt moderne ruinar

Utstillinga opna ved Noregs arktiske universitetsmuseum i 2018 i høve 50-årsjubileet til universitetet og 25-årsjubileet til Senter for grunnforsking, CAS, der Olsen og Pétursdóttir har hatt eit forskingsopphald.

Dei har gjennomført omfattande feltstudiar i det nordatlantiske området, og undersøkt moderne ruinlandskap og havsøppel. Gjennom gjenstandar, fotografiar, film og korte tekstar tek utstillinga opp viktige spørsmål knytt til forståinga vår av kulturarv og utfordrar oss til å tenka nytt om kva som er søppel, vent og stygt.

Er arv berre det vene?

Kulturminne er gjerne det vi forbind med gamle og verdsette ting som stavkyrkjer, gravhaugar og vikingskip. Samstundes vert omgivnadene våre prega av andre og meir problematiske leivningar: øyar av havsøppel, nedlagde fabrikkar, avfolka bygder, atomavfall, og miljøgifter.

Kvar går eigentleg skiljet mellom søppel og kulturminne? Kan ein avgrense kulturarv berre til det vi ønskjer å verna? Med andre ord, kan vi velja bort mylderet av brysame ting og såleis reinsa arven for det feilslegne, stygge eller ubehagelege?

Les meir i kunnskapsmagasinet Labyrint: Søppel eller kulturarv?

Utstillinga problematiserer òg forståinga av fortida som avslutta, og gjev eit innblikk i korleis fråflytting og rasering kan bringa fram særlege og ofte ufrivillige minne.

Noregs arktiske universitetsmuseum har produsert utstillinga, og arkitekt og kunstnar Joar Nango frå Tromsø har designa ho.

Les meir om utstillinga her.

Bilete frå utstillinga "Arv/ Unruly heritage". Foto: Jonathan Igharas

 

På Twitter   #norgesarktiske