Stor interesse for ubåtar, krigføring og reglar til havs

Tenk deg at nokon oppdagar ein framand ubåt langs norskekysten. Kva kan eigentlig Noreg gjera då? Og er det ein samanheng mellom ulovleg fiske og moderne slaveri?
Moe, Trude Haugseth
Publisert: 11.10.17 00:00 Oppdatert: 08.12.17 13:32
Tromsø

Hvordan kan en stat reagere om man oppdager en fremmed ubåt? Dette var ett av temaene under seminaret om regler til sjøs i krig og fredstid, i regi av KG Jebsen-senter for havrett ved UiT. Foto: Colourbox

Ei rekke internasjonale ekspertar innan havrett bidrog nyleg på seminaret At-Sea Enforcement and Naval Warfare om reglar til sjøs – i krig og fredstid, på KG Jebsen senter for havrett ved Det juridiske fakultet på UiT. Seminaret viste seg å ha eit tema som fenga. Det vart nemleg raskt fullteikna, både av forskarar frå inn- og utland, og av representantar frå Forsvaret og ideelle organisasjonar.

Alltid aktuelt – i krig og fred

Professor Magne Frostad frå Det juridiske fakultet var ansvarleg for seminaret. Om den store interessa for det, seier han:

– Mykje innan krigens folkerett er dessverre alltid aktuelt, då det alltid er konfliktar ein eller annan stad i verda. Handheving av reglar i fredstid får også stor merksemd, til dømes når ein trur at ubåtar frå framande statar er skjult i territorialfarvatnet til ein annan stat.

Svenskane opne om ubåtjakt

– Vi veit jo at ubåtar smyg seg inn i andre sine nasjonale farvatn til dømes for å sjå etter kva infrastruktur som finst og kva system ein har for å fange opp inntrengarar, sier jusprofessoren. 

Professor Magne Frostad (i midten) arrangerte seminaret om regler til sjøs i krig og fredstid, som møtte stor interesse blant internasjonale forskere, Forsvaret og ideelle organisasjoner. Her sammen med to av deltakerne, professor Anna Petrig fra Universitetet i Basel og Christian Prip, fra Fridtjof Nansen-instituttet. Foto: Trude Haugseth Moe

Han meiner at særleg ubåtjakter i svensk skjergard viser at dette framleis er eit viktig tema. Svenskane vert gjene brukte som døme, fordi dei har vore opne om korleis dei har reagert ved fleire uventa besøk av ubåtar frå framande statar, og har dermed skapt eit grunnlag for diskusjon rundt «kva som er greit» når det gjeld handsaming av framande ubåtar i eige territorialfarvatn.

Sverige har då også hatt ein del ubåtepisodar som har fått stor merksemd. I 1981 måtte svenskane gi ein havarert russisk ubåt slepehjelp ut av den svenske skjergarden, under stor dramatikk, midt under den kalde krigen. Også i 2014 vart det observert ubåtar i skjergarden utanfor Stockholm. Ein har også leita etter observerte ubåtar i norske fjordar.

Kven kan gripa inn når skip bryt reglar?

Men ubåtar var ikkje det eineste temaet på seminaret. Det er jo slik at om bord på eit skip, gjeld reglane for den staten skipet er registrert under -  den såkalla flaggstaten.

Men kan andre statar enn flaggstaten gripe inn overfor skip som bryt reglane – og eventuelt korleis? Kva myndigheit har kyststatane i sine maritime soner?  Og kva myndigheit har andre enn flaggstaten overfor slike skip på det opne hav - altså utanfor nokon statar sine maritime soner?

– For det første blir det eit spørsmål om kven som har myndigheit til å gripe inn. Deretter – og vel så viktig – om dei som har myndigheit, har vilje og evne til å gripe inn. På seminaret vart da også samanhengen mellom IUU (Illegal, Unreported and Unregulated) fisking og moderne slaveri berørt; ofte kan delar av mannskapet på slike fartøy vere utsatt for moderne slaveri. Hvis ein her tek grep i forhold til det første, så vil dette slå positivt ut også i forhold til det andre, fortel Magne Frostad.

Andre fredstidstema på seminaret var skipsvrak som kan vera årsak til miljøfare, og det rettslige etterspelet då Russland stansa Greenpeace-skipet Arctic Sunrise i 2013.

Blokade av kysten under konflikt

Andre halvpart av seminaret var vigd maritim krigføring. Her såg ein på kva fredstidsavtalane om skipsfart har å seia under ein væpna konflikt, kva utviklinga av nye våpensystem kan få å seie for bruken av såkalla eksklusjonssoner (soner der ein krigførande part gjer krav på visse særrettar), og mogelegheita til å blokkere kysten til motparten under en væpnet konflikt - såkalt blokade.

– Slike maritime blokadar har vorte aktualisert i forbindelse med Israels kontante handheving av blokaden av Gaza i 2010, samstundes som enkelte hevdar at den saudiarabisk leia koalisjonen i dag gjennomfører ein blokade av opprørsdelane av Yemen. I tillegg vert det spekulert i media om tida har komme for ein blokade av Nord-Korea, fortel Frostad, som sjølv heldt innlegg om dette temaet.

Genèvekonvensjonen om skadde, sjuke og skipbrotne

Røde Kors fekk æra av å runde av seminaret med å greia ut om den nye kommentarutgåva til den andre Genèvekonvensjonen frå 1949 som gjeld skadde, sjuke og skipbrotne medlemmer av væpna styrkar.

– Reglane for strid til sjøs er i hovudsak baserte på internasjonal sedvanerett, og denne er i stor grad reflektert i den såkalla San Remo-manualen om væpna konfliktar til sjøs. Denne manualen kom i 1994 og det har i dei siste tiåra vist seg at han kan ha behov for oppdatering. Eit døme er her den noko kortfatta behandlinga av blokadar. Det er lov å vona at dette seminaret kan ha gitt eit aldri så lite tilskot til nettopp den prosessen, sier Frostad 

– Relevant for hele Noreg

Mads Harlem fra Røde Kors, hadde tatt turen fra Oslo for å delta på seminaret. Han synes det hadde stor relevans for Røde Kors, som jobber for beskyttelse av sivile i krig og konflikt. Foto: Trude Haugseth Moe

Mads Harlem, tilsett i Røde Kors, hadde tatt vegen frå Oslo for å vera med på seminaret.

– Det er eit svært bra seminar, om eit tema som er relevant for hele Noreg. Røde Kors har eit mandat i krig og konflikt – vi skal jobbe for vern av sivile. Noreg er ikkje i krig, men deltek i krigføring og vi lever i ei uroleg verd no, seier Harlem.

Han meiner det er viktig å ha eit akademisk fokus på slike tema, også for folk utanfor akademia.

– Det er godt jusstudiet på UiT har krigens reglar på pensum, det er eit fag som er svært viktig. Og at ein kapasitet som Magne Frostad held fagseminar også for folk utanfor universitetet, i tillegg til å undervise, er kjempebra for oss, avsluttar Harlem.

Vellukka møtearena

– Eg er svært nøgd med at ein god del eksterne har meldt seg på seminaret. Det fortel oss at arrangementet er relevant for brukarfeltet, sier Frostad sjølv.

Han syns seminaret vart ein vellukka møtearena.

– Å ha anerkjende internasjonale størrelsar innen havretten samla på ein stad er svært fruktbart; då får ein spørsmål, utfyllande kommentarar, og kritikk frå folk med same interessefelt, og det oppstår givande diskusjonar, avsluttar jusprofessoren.

Også leiaren for havrettssenteret, Tore Henriksen, var tilfreds.

– Dette seminaret viser breidda i forskinga ved havrettssenteret, sier Henriksen.

  • Seminaret «At-Sea Enforcement and Naval Warfare», regi av KG Jebsen-senter for havrett, UiT, såg i korte trekk på ulike sider ved bruken av militære fartøy, til handheving i fredstid og til kamphandlingar under ein væpna konflikt. I fredsdelen av seminaret vart også den mulegheita kyststaten har til å handheve reglar på meir generelt grunnlag diskutert.

  • Seminaret vart halde i samband med senterdagane som blir arrangert årleg på KG Jebsen senter for havrett. Då samlar senterets ressursar seg; gjer opp status for året som har gått og ser på vegen vidare, inkludert ein workshop / eit seminar om eit tema av relevans for senteret. Sidan dagane vert arrangete rundt det årlege besøket til medlemmene av senterets Scientific Advisory Board, får senteret også nyttige tilbakemeldingar på betringspotensial o.l. 
Vi anbefaler