Legg fram nye modellar for fakultets- og campusorganisering

Universitetsstyret skal i juni ta stilling til om fakultets- og campusorganiseringa ved UiT skal endrast. To rapportar som føreslår nye modellar skal no på høyring.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.02.17 00:00 Oppdatert: 06.12.17 22:36

Desse to rapportane inneheld ulike modellar og prinsipp for organisering av UiT, som kan innebere store endringar. Dette skal no på brei høyring både innanfor og utanfor organisasjonen. Foto: Randi Solhaug

Universitetsstyret har bede om at det blir lagt fram ny sak om organisering av fag og campus, og vedtak skal gjerast i juni 2017.

Universitetsdirektøren har i samband med det etablert to arbeidsgrupper som skal sjå på den faglege organiseringa og organiseringa av campus ved UiT.

Gruppene har no levert dei nye rapportane sine.

3 eller 8 fakultet?

Arbeidsgruppa som har sett på den faglege organiseringa av nivå 2 (fakultetsnivå) har kome med innspela sine på korleis denne kan utformast. Gruppa er i stor grad einig om kva for prinsipp som vil vere viktige for å definere funksjonane til eit fakultet:

  • Organisering og storleik
  • Fagleg integrasjon
  • Campusovergripande fakultetsstruktur 

Gruppa er derimot ikkje einig om korleis prinsippa skal vektleggjast, og ho legg difor fram to ulike organisasjonsmodellar:

  • Breid modell – inneber at tal på fakultet blir omtrent på dagens nivå, det vil seie 6-8 fakultet. Løysinga vil ikkje nødvendigvis gi same faginndeling som i dag.
  • Smal modell – inneber et antall fakultet på 3-5

Arbeidsgruppas rapport skal no på brei høyring, både internt ved UiT og eksternt. Moglege konsekvensar ved val av dei to modellane kan du lese i rapporten på UiTs nettside om organisering av fag og campus. 

Organisering av campus

Ein av modellane for ny fakultetsorganisering føreslår at det bør vere 3-5 fakultet ved UiT. Foto: Randi Solhaug

Arbeidsgruppa som har sett på campusa utanfor Tromsø sin posisjon ved UiT, presenterer to hovudmodellar for stadleg leiing av campus:

  • Dekanmodellen – som er nokså lik modellen som blir praktisert ved campus Alta og Narvik i dag
  • Viserektormodellen – som inneber at ein viserektor får ei koordinerande rolle for heilskapen

Arbeidsgruppa tilrår å vidareføre ordninga med campusråd og campusmøte, med nokre justeringar.

Arbeidsgruppas rapport skal no på brei høyring, både internt ved UiT og eksternt. Du kan lese heile rapporten på UiTs nettside om organisering av fag og campus.

Her kan du også sjå den vidare saksgangen for fakultets- og campusorganiseringa.

– Dei to rapportane er eit godt grunnlag for vegval når det gjeld organisering av fag og campus. Arbeidsgruppene har hatt som oppgåve å kome opp med alternativ. Det har dei gjort, og eg oppmodar studentar, tilsette og andre til å delta i diskusjonen om dei ulike modellane, seier Odd Arne Paulsen, fungerande universitetsdirektør ved UiT.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.02.17 00:00 Oppdatert: 06.12.17 22:36
Vi anbefaler