Avfall, kjeldesortering og reinhald
Her kjem meir informasjon om avfallshandtering, kjeldesortering og reinhald ved UiT.
Reinhald
Seksjon for reinhaldstenester er ansvarleg for alt reinhald i UiTs eigne og leigde lokale, ved bruk av faste tilsette og innleigd teneste frå reingjeringsbyrå.
I tillegg til å ha gode reinhaldsrutinar, skal me tilfredsstilla krava til eit godt innemiljø og vareta helse, miljø og tryggleik hos både reinhaldspersonalet og brukarane.
Me nyttar ein fast oppsett plan med avviksmoglegheiter i tillegg til behovsreinhald for å kunna vareta kvalitetssikringa av reinhaldsarbeidet. Arbeidet blir utført med moderne utstyr, og miljøvennlege og allergivennlege kjemikaliar.
Seksjonen gjennomfører ulike reinhaldsaktivitetar
I felles- og undervisningsareal Våtrom/garderobe (dusj og toalett) Periodisk reinhald Ved behovSist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Regelmessig reinhald
Ansvaret til brukarane er å sørgja for at skrivebord, vindaugekarmar, hyllar o.l. som skal reingjerast er rydda. Vidare er bruker sjølv ansvarleg for å fjerna søppel frå eige kontor, og kjeldesortera. Brukarar er også ansvarleg for å fjerna koppar og dekkjetøy frå møterom, pauserom og dessutan eigen kontorplass/kontor.
Sist endret: 18.08.2026
Printvennlig innhold: Ansvaret til brukarane