Arbeidsstøtte for ansatte

Video og podkast

Video og podkast er to medium som krevjer både tid og trening. Her finn du tips.

Slik filmar du sjølv

Du kan lage god film sjølv, og mobilkamera er ofte bra nok.

Lag ein enkel plan for

  • kva du skal filme
  • i kva rekkefølge du skal filme
  • og kor filmen skal lastast opp og delast.

Sist endret: 03.09.2025
Printvennlig innhold: Lag ein plan
  • Vel riktig format: Høgdeformat (ståande) er best til sosiale medium, medan breiddeformat (liggande) er best for Youtube, Viten-TV og TV.
  • Vel god kvalitet: Sørg for å filme i full-HD, eller betre viss du treng det. Sjekk instillingane i kameraappen på mobilen eller i kameraet du brukar. HD er nok for sosiale medium.

Hugs flymodus når du filmar du med mobilen.

Sjå også tips om fotografering – dei gjeld ofte også for video. 


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Vel riktig format

Sørg for at mikrofon og linse ikkje er dekt, spesielt ved bruk av innebygd mikrofon. Du kan bruke gjerne bruke kabla mobilhøyretelefonar som mikrofon.

Lås fokus ved å halde fingeren på motivet.

Støtt kamera med stativ, mot ein vegg, eller stabiliser med ei hand og albuen for å unngå skjelving.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Gå tett på, og held kamera stødig

Kanskje treng du ikkje redigere, men filme alt i eitt – det er ofte nok for sosiale medium.

Skal du redigere, film 1–2 sekund ekstra i starten og slutten av opptaka.

Bruk mobilappar eller innebygde program som Clipchamp (Windows) eller iMovie (Mac) for enkel redigering.

Her finner du tips for korleis innhald til sosiale medium bør sjå ut.

Fleire tips for ein effektiv video:

Startbilde: Vel eit anslagsbilde som fangar merksemda til sjåaren med ein gong. Bruk det mest tiltalande, spennande eller morosame bildet du har i videoen. Det skal vekke nysgjerrigheit og gi sjåaren lyst til å sjå meir. Ikkje start med UiT-logoen, og unngå mykje tekst på det første bildet. Hald det enkelt og fokusert.

Sluttbilde: Viss UiT-logoen ikkje er synleg gjennom heile videoen, bør den plasserast på slutten av videoen. Viss videoen har som mål å rekruttere fleire studentar, er det for eksempel lurt å ha eit sluttbilde med informasjon om for eksempel søknadsfrist og namn på studium.

Teksting: Bruk kvit tekst med svart omriss for å vere mest mogleg lesbar. Ikkje bruk KI-basert eller live autoteksting direkte utan å korrekturlese og kvalitetssjekke. Video til nettside eller mobil bør ha teksten brent inn i videoen.

Lengde: Kjem an på målgruppa for videoen din.

  • Unge målgrupper: Hald videoen kort, helst mellom 30 og 60 sekund. Tilpass innhaldet til sosiale medium, gjer den underhaldande med ei tydeleg oppfordring til handling på slutten (les meir, søk her, meld deg på her). Husk: du kan formidle mykje på bere eitt minutt!
  • Vaksne målgrupper: Videoen kan vere lengre og meir informativ, men hald det så kort som mogleg. Historia bør vere engasjerande heile vegen, og oppfordring til handling må komme før sjåaren mister interessa.

Sist endret: 20.02.2026
Printvennlig innhold: Rediger videoen
Sist endret: 02.09.2025

Råd før du startar podkast

1. Vurder behovet for podkast

Spør deg sjølv: Treng eg ein podkast? Har eg tid, utstyr og ressursar?

For å nå eit stort publikum, vurder andre kanalar først, som å gjeste ein eksisterande podkast, tipse media eller skrive ein kronikk.

Podkast passar godt for mindre grupper, fagmiljø eller som fagressurs i undervising, men krev god planlegging og mykje arbeid.

2. Søk råd og inspirasjon

Sjå podkastar frå UiT på uit.no/podkaster, eller kontakt faggruppe for formidling for rettleiing.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Vurder behovet

1. Vel publikummet ditt

Les om korleis du vel målgruppe. 

2. Lag ein plan for minst fire episodar, gjerne meir

Kva er tema? Kven kan du ha som gjest?

3. Tenk gjennom kva form du vil ha på episodane til podkasten din

Monolog eller dialog? Intervju eller kåseri? Skal du redigere inn lydeffektar og musikk?


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Planlegg

Ta opptak i gode lokale utan akustikk. Mobil og headset er ofte godt nok.

Ressurssenteret Result har eit podkaststudio ein kan booke.

Dersom du ikkje har studio tilgjengeleg, kan ein bil eller eit kott vere gode alternativ .


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Sørg for gode lydopptak

Du treng eit redigeringsprogram og du må kunne bruke det. 

På Mac kan du bruke appen Garageband som er ferdig innstallert på maskinen.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Du må redigere

For at lyttarane skal kunne finne podkasten din, må du laste den opp på for eksempel Spotify for Creators eller Buzzsprout. UiT har ikkje ein felles løysing.

Når den er lagt ut, må du få folk til å høyre på den. Du kan for eksempel dele i sosiale medier og tagge UiT. 

Hugs at du treng eit heilskapleg visuelt uttrykk for å vere lett å kjenne igjen. På nettsida til grafiske tenester finn du mal, logo og grafisk design.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Få folk til å høyre på
Sist endret: 02.09.2025

Strøyming av undervising

Undervisning på UiT kan verte tatt opp og/eller strøymast med videotenesta Panopto. Les meir om Panopto.

Sist endret: 02.09.2025

Film til undervising

Tilsette ved UiT kan kontakte ressurssenteret Result for å få laga film til bruk i undervisning. Du finn meir informasjon på nettsidene til Result.

Sist endret: 02.09.2025
Video og podkast