Arbeidsstøtte for ansatte

Foto og andre bilete

Bruk gode bilete for å fange merksemda og gjere bodskapen lettare å hugse.

Få samtykke

For å dele bilete av folk trenger du samtykke (med nokre få unntak).

Bilete du tek og skal bruke, legg du i Imageshop, som er biletebanken til UiT. Imageshop har eit eige samtykkeskjema som du sender til den du har fotografert.

Her finn du brukarrettleiing for Imageshop (PDF) og skildring av korleis du innhentar samtykke. 

Alternativt kan du bruke Nettskjema og få samtykke sendt til deg på e-post. 

Sørg for at samtykket er frivillig og at dei som er avbilda har fått tilstrekkeleg informasjon om biletbruk og rettar. Les meir i personopplysningslova.

Ta vare på samtykke og dokumenter kor bilete er brukt, sidan samtykke kan trekkjast tilbake.

Seksjon for studierekruttering, marknadsføring og grafiske tenester har oppsyn med skjemaet og alle innsende samtykke.


Sist endret: 17.10.2025
Printvennlig innhold: Slik gjer du:

Du treng samtykke frå personar som er hovudmotivet på eit bilete, enten det er et reportasjebilete eller eit illustrasjonsbilete.

Den som fotograferer/filmar har ansvaret for å innhente samtykket og informere den som vert fotografert/filma om kva rettar hen har.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Bilete som krev samtykke

Du kan både ta og offentleggjere bilete utan samtykke dersom situasjonen eller aktiviteten er det eigentlege motivet. I tillegg må

  • biletet ikkje vere krenkjande for dei som er avbilda
  • biletet ha aktuell og allmenn interesse
  • den/dei avbilda vere mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet

Eksempel på slike bilete kan vere ei gruppe menneske på ein konsert, eit arrangement eller ei hending av allmenn interesse. Du treng heller ikkje skriftleg samtykke for å ta bilete av personar som er ein del av arrangementet, slik som talarar, artistar og liknande.

Det vil ofte vere eit definisjonsspørsmål om kva som er eit situasjonsbilete, og kva som er eit portrett. Om du er i tvil, bør du samle inn samtykke.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Bilete som ikkje krev samtykke

Nokre personar må eller ønskjer å skjerme seg frå fotografering og filming på arrangement sjølv om det er tillatt. Vi skal respektere dette så langt som mogleg.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Ønske om skjerming
Sist endret: 09.10.2025

Finn bilete i biletbanken

Du har tilgang til to biletbankar ved UiT: Imageshop, der du finn våre eigne og kjøpte bilete, og Mostphotos, eit eksternt arkiv med illustrasjonsbilete.

Du må alltid oppgje kven som har tatt biletet, eller laga illustrasjonen eller videoen, etter formelen: namn / firma. Til dømes Fredrik Hansen / Mostphotos.com eller Line Hansen / UiT.

Hugs: Du må også ha tillating til å bruke biletet. Om det ikkje står i fila, spør fotografen. Les meir om bileterettar hos NTB.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Slik krediterer du bilete, illustrasjonar og videoar

I UiT sin biletbank finn du bilete teke av våre eigne fotografar eller på oppdrag for UiT. Arkivet blir fortløpande oppdatert med nye bilete.

Slik går du fram:

  1. Gå inn på uitansatt.imageshop.no / uit.no/imageshop
  2. Logg inn med ditt UiT-brukarnamn og -passord (Feide/AD).
  3. Søk etter det du treng, til dømes «Administrasjonsbygget».
  4. Klikk på biletet du vil bruke for å sjå info og nedlastingsalternativ.
  5. Sjekk at du har tillating til å bruke biletet til formålet ditt. Er du usikker, kontakt foto@uit.no.
  6. Last ned storleiken du ønsker.

Retningslinjer for bruk av biletbanken

Bileta kan fritt brukast ved redaksjonell omtale, så lengje alle samtykke er i orden. Dei må ikkje seljast eller delast med tredjepart utan løyve frå UiT.

Når du brukar bileta, aksepterer du desse retningslinjene:

  • Eigarskap: Bileta tilhøyrer UiT, med mindre anna er oppgjeve. Dei kan brukast i alle samanhengar der UiT står som avsendar.
  • Samtykke: Bilete med personar skal ha godkjent samtykkeskjema gjennom Imageshops interne samtykkemodul.
  • Avtale: Nokre bilete kan berre nyttast etter avtale.
  • Kreditering: UiT og fotografen skal alltid krediterast. Til dømes © UiT / Ola Nordmann.
  • Ansvar: Du er ansvarleg for korleis bileta vert nytta. Kontakt foto@uit.no om du er usikker på bruken.

For tilgang til å laste opp bilete, kontakt tommy.hansen@uit.no.

Imageshop har også ein open del utan krav om pålogging: uit.imageshop.no. Dette arkivet inneheld eit mindre utval bilete som er kvalitessikra og meint for presse og andre.


Sist endret: 17.10.2025
Printvennlig innhold: Imageshop – biletbanken til UiT

Alle tilsette og studentar har fri tilgang til biletdatabasen MostPhotos.

Du kan bruke bileta i alle UiT-samanhengar, som marknadsføring, publikasjonar, nettsider og undervising.

UiT har ei månadsgrense på 600 nedlastingar. Når kvota er brukt opp, kan ingen laste ned fleire bilete før neste månad. Vis derfor måtehald når du lastar ned.

Slik opprettar du brukar

For å få tilgang til MostPhotos må du opprette ein konto ved å sende inn dette bestillingskjemaet i TOPdesk.

Viktig: Ikkje opprett ein brukar sjølv, då vil du ikkje bli kopla til UiT si avtale og må betale for nedlasting.

Om du jobbar redaksjonelt og treng tilgang til avgrensa redaksjonelle bilete, hugs å opplyse om dette i bestillinga.

Husk å krediter bileta

Slik skal bileta krediterast: namn på artist / mostphotos.com. Om mogleg, er det fint å legge ved lenkje. 

Du finn meir info om MostPhotos her (PDF).


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Mostphotos – illustrasjonsbilete 
Sist endret: 02.09.2025

6 tips til deg som vil fotografere

Skal du filme også? Her får du tips til korleis filme sjølv.

Bruk gjerne fotoutstyr når du skal fotografere eller filme. Då aukar du sjansen for god kvalitet på lyd og bilete.

Det er likevel ingenting i vegen for å bruke mobiltelefonen. Den vil i dei fleste tilfelle vere meir enn bra nok.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 1. Mobil er ofte godt nok

Sjekk at kameraet er sett til så stor oppløysing som mogleg. Dette kan du sjekke i innstillingane i fotoappen på mobilen eller i kameraet du bruker.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 2. Ha god oppløysing

Gå nært! Då vert bileta ofte betre.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 3. Gå tett på

Ta bilete i både breidde- og høgdeformat, dersom det let seg gjere. Då har du bilete som passar til fleire plattformar.

Til sosiale medium er ståande bilete bra.

Her kan du lese meir om biletbruk i sosiale medium.

Hender som holder en mobil og filmer vinterlandskap

Ta gjerne bilete i både ståande og liggande format. Foto: Jonatan Ottesen


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 4. Ståande eller liggande bilete?

Lys er avgjerande for eit godt bilete. Sørg for at motivet har nok lys.

Sollys: Unngå at bakgrunnen blir for lys og hovudobjektet for mørkt. Gå i skuggen, eller plasser sola bak motivet for ein fin effekt, spesielt ved portrett.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 5. Ha godt lys

Sørg for at bakgrunnen ikkje er rotete eller tek merksemda frå motivet.

Klassisk feil: Ei lampe eller skilt stikk opp bak hovudet på personen.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: 6. Ver merksam på bakgrunnen
Sist endret: 02.09.2025

Andre stader å finne bilete

  • Wikimedia Commons: Bilete, video og lyd med Creative Commons-lisens (CC-lisens).

  • Flickr og Google: Søk etter bilete med CC-lisens.

Hugs å sjekke lisensen for kvart bilete, det vil si korleis du kan bruke det. Sjå oversikt på creativecommons.no.

Slik finn du bilete med CC-lisens på Google.
Sist endret: 02.09.2025
Foto og andre bilete