Arbeidsstøtte for ansatte

Media

Tips for å nå ut i media

Det finst fleire måtar å nå ut i media, enten du ønskjer å dele forskingsresultat, meiningar eller arrangement.

Følg desse stega dersom du ønskjer at media skal lage sak.

1. Tenk gjennom kven saka di passar for. Er ho av nasjonal eller lokal interesse? Er ho relevant for eit spesifikt fagfelt?

2. Ta direkte kontakt. Ring eller send e-post til journalistar, redaksjonar eller nyheitsredaktørar som dekker temaet ditt – helst berre ein om gongen.

3. Finn ein spennande vinkling som gjerne tikkar av på eit av nyheitskriteria: vesentlegheit, identifikasjon, sensasjon, aktualitet eller konflikt.

4. Start med det viktigaste poenget ditt og forklar saka kort og enkelt.

Eksempel på e-post: 

Hei!

Eg har nyleg publisert ny forskning om klimaet i Tromsø dei neste tiåra. Modellane viser at Tromsø vil få same klima som Bergen innan 2035. Det vil jo få store konsekvensar for alt frå turistnæring og friluftsliv til bydrift og infrastruktur.

Er det noko dokker er interesserte i? Her er lenka til artikkelen vår:

Kontakt meg gjerne på epost eller på telefon 123 45 678

Helsing Forskar 

6. Vær tilgjengeleg etterpå. Svar om telefonen ringjer, ikkje dra på hytta.

7. Tips andre. Om journalisten ikkje følgjer opp innan rimeleg tid, kan du kontakte andre medium.


Sist endret: 11.02.2026
Printvennlig innhold: Tips media (innsal)

Dersom du har ei stor nyheit som mange medium er interesserte i, kan det vere effektivt å sende ut ei felles pressemelding.

Kontakt faggruppe for formidling som kan sende ut pressemeldingar gjennom NTB.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: Send pressemelding

Ein kronikk er ein tekst der du deler kunnskap, meiningar eller innsikt for å vekke interesse og debatt.

Før du startar: 

  • Er kronikk det rette formatet?
    Kronikkar når ofte færre enn nyheiter og kortare debattinnlegg. Vurder om dette er den beste måten å nå ut med bodskapen din.

  • Knytt til noko aktuelt.
    Sjansen for publisering aukar om kronikken kan knytast til ei aktuell hending, samfunnsdebatt eller problemstilling.

Slik skriv du ein god kronikk:

  1. Bestem deg for eitt hovudpoeng.
    Fokuser på eitt klart bodskap, og få det fram i tittelen. Ein fengjande tittel og eit godt første avsnitt er avgjerande for å fange merksemda.

  2. Set ting på spissen.
    Unngå detaljar og tør å vere tydeleg. Kronikken bør innehalde eit nyheitselement og gjere lesaren klokare eller inspirere til handling eller debatt.

  3. Skriv enkelt og forståeleg.
    Bruk eg- eller vi-form og eit språk utan fagsjargong. Del konkrete døme og eigne erfaringar. Humor, fantasi eller ein frekk tone kan fungere – om det passar temaet.

Vel avis og godta redigering:

  1. Vel riktig medium.
    Bestem kva avis eller mediehus som er førstevalet ditt, og send kronikken dit først. Legg ved teksten, eit bilete av deg og kontaktinformasjon.

  2. Send til eitt medium om gongen.
    Vent på svar før du sender til andre. Om du får avslag, prøv neste på lista.

  3. Godta redigering.
    Redaktørar kan endre på ordlyd, særleg i tittel og ingress. Dette er ein del av prosessen.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Skriv kronikk

Aviser og mediehus har som oftast rammar for kor lange kronikkane kan vere. Her er nokre døme:

Aftenposten:
Kronikk: 6000 teikn inkl. mellomrom
Hovedinnlegg: 3000 teikn inkl. mellomrom
Kortinnlegg: 400–1500 teikn inkl. mellomrom
E-post: debatt@aftenposten.no

Dagens Næringsliv:
Hovudinnlegg/kronikk: 4500 teikn inkl. mellomrom
Replikk/underinnlegg: 1500 teikn inkl. mellomrom
E-post: debatt@dn.no

Nordnorsk debatt:
10000 teikn inkl. mellomrom
Skriv innlegget ditt her (tenesta krev innlogging med aID).


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: Skriv kronikk (antall teikn)

Media leitar ofte etter forskarar og fagpersonar som kan vere ekspertar, forklare problemstillingar eller gi bakgrunnsinformasjon. Vil du at dei skal kontakte deg neste gong? Då må du vere lett å finne!

  • Oppdater personkortet ditt på uit.no
    Sørg for at kontaktinformasjonen din er korrekt, og skriv om arbeidet ditt på ein måte som er lett å forstå for folk utanfor fagfeltet ditt.
    Les meir om personkortet og endre det her. 

  • Få gode bilete av deg sjølv
    Ha gode bilete som media kan bruke fritt. Kontakt fotografane i Seksjon for kommunikasjon for hjelp.

  • Lag eit faktaark om forskinga di
    Om du er forskar, lag eit kort faktaark (maks éi A4-side) med hovudpoeng frå forskinga di, viktige tal og fakta. Bruk kvardagslege ord og konkrete døme som gjer bodskapen lett å forstå.

  • Sei ja så ofte du kan
    Media vender seg ofte til dei som har sagt ja tidlegare. Jo meir tilgjengeleg du er, jo større sjanse er det for at dei kontaktar deg igjen.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Gjer deg synleg for media

Det finst mange måtar å nå ut med forskinga di på. Her er nokre eksempel:

  • Forskingsdagane
    Delta i den nasjonale satsinga på populærvitskapleg formidling, der UiT alltid har mykje aktivitet.

  • EurekAlert
    Nå eit internasjonalt publikum gjennom denne pressemeldingstenesta. Kontakt faggruppe for formidling.

  • Forskning.no
    Send tips til redaksjonen eller skriv innlegg på Forskersonen for å nå ut til eit breitt publikum.


Sist endret: 16.02.2026
Printvennlig innhold: Andre måtar å nå ut på
Sist endret: 10.02.2026

Tips til eit vellukka intervju

Her er 5 smarte steg du kan følgje dersom lokalavisa, radio eller TV tek kontakt for eit intervju.

Før du seier ja til intervjuet, spør kva dokker skal snakke om og kva di rolla er – om du skal vere ekspert, gi ein kort kommentar, eller berre dele bakgrunnsinformasjon.

Spør om det er mogleg å svare skriftleg, dersom du ønskjer det.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 1. Spør kva du skal snakke om

Det kan vere lurt å be om litt tid til å tenkje seg om. Du kan be om å få ringje tilbake, men hugs at journalistar ofte har dårleg tid.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 2. Be om 10 minutter til å tenkje deg om

Skriv ned dei viktigaste poenga dine, og prøv å få dei med når du svarer. Hugs at journalisten kan stille nye spørsmål undervegs.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 3. Forbered eit par hovedpoeng

Avtal at journalisten sendar deg det hen skriv om deg. Du må uansett rekne med at hen kortar ned eller forenklar svara dine.

NB! I norsk media er ikkje sitat ordrette.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 4. Avtal gjennomlesing

Om du er usikker, treng råd eller øving, kontakt gjerne fellestjenesten formidling.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 5. Kontakt oss for hjelp
Sist endret: 28.08.2025
Media