Praktisk informasjon FIL-0700 haust 2024

Hugs å melde deg på seminargruppe innan 19. august.

Nettsiden vil bli oppdatert fram mot 12./13. august.

På denne sida finn du litt praktisk informasjon for oppmelding og studiestart. Du melder deg på seminargruppe i Studentweb.


Seminarundervisinga er obligatorisk. Derfor er det viktig å melde deg opp før fyrste seminar, måndag 19. august. Ved for sein påmelding og for stort fråvær, får du ikkje ta eksamen. Merk at fristen for seminarpåmeldinga er langt tidlegare enn siste frist for semester- og eksamensregistrering. Seminarpåmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i


Kva gruppe?

Dei ulike seminargruppene er retta mot ulike fagområde og tilpassa andre emne innan dei ulike studieprogramma slik at ein skal unngå kollisjonar i undervisinga og ved eksamen. Men tilknyting til ei bestemt gruppe skaper inga binding for det vidare studiet. Det er for eksempel mogleg å studere naturvitskaplege fag sjølv om ein har tatt ex.phil. retta mot humanistiske fag, eller omvendt. Dersom gruppene blir fullteikna, kan det bli oppretta ekstragrupper. Blir det for få studentar, kan grupper bli slått saman. Det er vanskeleg å bytte gruppe etter at ein har meldt seg på. Det må i så fall avklarast med administrasjonen på Institutt for filosofi og førstesemesterstudie – ikkje med seminarlærarane. Du skal følgje den same gruppa som du melder deg på, gjennom heile semesteret. Meld deg opp til ei gruppe som passer til studieprogrammet du går på. Her er ei oversikt over dei ulike gruppetypane og kven dei er tiltenkte:

HSL-fak torsdag 08-16
NT-fak onsdag 08-12
Fiskeri-grupper mandag 12-16
PS-grupper tirsdag 10-16
Med.-grupper fredag 08-12
Juss-grupper mandag, tirsdag og torsdag 08-12

Trenger du hjelp til å melde deg på seminargruppe? Ta kontakt på aisi@hjelp.uit.no så hjelper vi deg rakst. 


Pensum for jusstudentar

Bok: Menneske, natur og samfunn, kapittel 1, 3 og 4. Bok: Språk og argumentasjon, kapittel 1, 2, 3 og 4.

Du kan kjøpe pensum hjå Akademika.


Viktige datoar

Frist for å melde seg på seminargruppe: 19. august
Oppstart seminargrupper veke 34
Siste obligatoriske seminar veke 45 (totalt 12 seminar)
Frist for semesteroppgåva informasjon kommer
Munnleg eksamen

M/NT-grupper: veke 47

HSL/PS/J-grupper: veke 48

Forbehold om feil


Nærmare informasjon om semesteroppgåva og munnleg eksamen gjes i seminara og via Canvas.


Canvas

Canvas er ein arbeidsreiskap som seminarlæraren vil bruke aktivt gjennom heile studiet for å informere om tidsfristar, publisere oppgåvene til dei ulike seminara med meir. Derfor må du heile tida oppdatere deg på Canvas-rommet.

Når du har meldt deg på ei seminargruppe, får du tilgang til Canvas-rommet for gruppa. Ytterligare informasjon om kurset finn du på "Heim" (forsida) i Canvas og i "Emneinformasjon" under "Modular". Sjå på denne informasjonen før det første seminaret.

Undervising

Undervisinga består av videoførelesingar som ligg på Canvas og seminargrupper. Seminarundervisinga består av:

  • Ni obligatoriske seminarer
  • Ei obligatorisk innlevering
  • Ei valfri fellesrettleiing for semesteroppgåva
  • Eit valfritt oppsummeringsseminar

Du må ha sju av ti godkjente obligatoriske aktiviteter for å få lov til å ta eksamen.

Til kvart seminar legg seminarleiar ut oppgåver. Det er venta at du stiller førebudd til kvart seminar. 

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve og ein munnleg eksamen. De får meir informasjon om dette av seminarleiar og i Canvas.