Slik vert tilsettingsprosessen for rektor

Den neste åremålsperioden for rektor og prorektorane startar 1. august 2025. Tilsettingsprosessen er no godkjent av styret og startar snart.

Oversiktsbilete av
Rektor skal mellom anna leie opninga av semesteret, slik som på biletet. Foto: UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 18.03.24 10:11 Oppdatert: 18.03.24 13:31
Om UiT

Den neste åremålsperioden for rektor og dei to prorektorane går frå 1.8.2025 til 31.7.2029.

UiT sine to viserektorar, leiar for UMAK og alle dekanane skal òg inn i ny åremålsperiode, frå 1.1.2026 til 31.12.2029. UiT vil først lyse ut og tilsette rektor, så prorektorar og til slutt viserektorar, UMAK-leiar og dekanar.

Det er universitetsstyret som tilsett i alle stillingane, slik universitets- og høgskulelovas § 10-1 og UiT sitt personalreglement bestemmer. Dei er difor ansvarlege for å fastsette utlysningstekstar, fastsette korleis innstillinga skal skje, og gjere tilsettingane.

Kravet i universitets- og høgskulelova er at tilsettingsprosessen skal sikre at rektor har fagleg og leiingsmessig legitimitet, og at studentane og dei tilsette vert høyrde.

På universitetsstyret sitt møte 7. mars vedtok dei følgjande plan:

20.8.2024 Søknadsfist for stilling som rektor
27.11.2024 Tilsetting av rektor for perioden 1.8.2025 – 31.7.2029
10.4.2025  Søknadsfrist for stillingar som prorektor
11.6.2025 Tilsetting av prorektorar for perioden 1.8.2025 – 31.7.2029
20.8.2025  Søknadsfrist for stillingar som viserektorar og dekanar
1.12.2025 Tilsetting av viserektorar, UMAK-leiar og dekanar for perioden 1.1.2026 – 31.12.2029

Kortnytt fra Universitetsledelsen
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no