Frå leikne rytmar av Beady Belle til angstfylte tonar av Sjostakovitsj

Gå ikkje glipp av årets Nordlysfestival!

Beady Belle
Forvent herleg sjangerblanding når Beady Belle og studentar frå Musikkonservatoriet inntek Verdensteateret. Foto: Nordlysfestivalen
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 23.01.24 13:50 Oppdatert: 24.01.24 19:12
Kunst og kultur

Frå fredag fyllest Tromsø med musikk i ei veke, og på fleire scenar står unge talent frå UiT. 

Ingrid Helene Kamfjord Stensgård
Gru-gler seg: Vokalist Ingrid Helene Kamfjord Stensgård. Foto: Privat

Eit av dei er Ingrid Helene Kamfjord Stensgård som skal synge med Beady Belle. Den norske artisten er kjent for å leike med ulike sjangrar som pop, funk, elektronika og folk. 

– Det blir kjempestas å jobbe med ein som er så erfaren, seier musikkstudenten og håpar på eit par bransjetips.

Kul musikk og nye folk

Stensgård meiner at festivalen ein perfekt sjanse til å få med seg kul musikk og treffe nye menneske.  

– Det er berre å komme seg ut. Det er alltid god og intim stemning på konsertane våre, og det er lett å komme i prat med nye folk, seier ho. 

Komponistar frå vår egen tid

Ein annan som skal spele, er fiolinist Martin Tan. Saman med medstudentar skal han framføre verk av tre komponistar frå det 20. hundreåret – deriblant Dmitrij Sjostakovitsj. 

– Han er ganske vanskeleg, så vi har øvd i heile haust. Men no er vi klare, seier Tan. 

Sjostakovitsj si redsle

Martin Tan
– Det er ei redsle i verket som er ganske sterk, seier Martin Tan om Sjostakovitsj-stykket han skal spele på festivalen. Foto: Privat

Konsen-studenten fortel at Sjostakovitsj levde under sovjettida da kunstnarar stod i fare for å bli tatt av Stalin.  

– Han var redd Stalin skulle skyte han, og i musikken beskriv han kor redd og fanga han følte seg, seier Tan. 

Han vekker dei dystre følelsane i oss.

Noko anna enn popmusikk 

Førsteårsstudenten oppfordrar særleg unge til å komme på konserten.

– På Nordlysfestivalen får du høyre anna type musikk enn den du trener til eller høyrer på byen, seier han. 

Sjølv om klassisk musikk ikkje har ord som i popmusikk, har den masse betydning, ifølge han. 

– Lukk auga og høyr på sjølve musikken. Merk kordan den byggast opp og følelsane som ligg bak.

Her er alle arrangementa som UiT-studentar og tilsette er med på: 

I tillegg er Musikkonservatoriet involvert i workshops/meisterklassar med: 

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 23.01.24 13:50 Oppdatert: 24.01.24 19:12
Kunst og kultur
Vi anbefaler