Fredag den 24.august vil UiT Norges arktiske universitet og Varangermuseene ved Grenselandmuseet ta Kirkenes ungdomsskole med tilbake til steinalderen ved Førstevann i Kirkenes.
Helleristningane ved Gamnes vart oppdaga under dei arkeologiske undersøkingane hausten 2015 i samband med planane for oljeomlastningsterminal på Gamnes / Geresválla i Kirkenes. Det vart funne om lag 40 helleristningar frå steinalderen. Funnet er unikt og er det fyrste funnet av helleristningar frå steinalderen i Aust-Finnmark. Helleristningane er om lag 6000-7000 år gamle. Les meir om funnet her: www.norark.no/innsikt/beskjeder-i-berget
I denne samanheng arrangerte me Steinalderdag ved Gamnes tidlegare, og i år ved Grenselandmuseet ved Førstevann. Arrangementet startar kl 1000 fredag 25.august og varar til kl 1400.
I tillegg til arkeolog Jan Magne Gjerde frå UiT, tilsette ved Grenselandmuseet og UiT Kirkenes, vil også flintsmed Morten Kutschera bidra i arrangementet.
Tilbake til steinalderen
Arkeologer tar oss med på hverdagsaktiviteter fra steinalderen. Du kan bli med på å ”nedlegge byttet” før du smaker på mat som er tilberedt som i steinalderen – på steinhelle og i kokegrop med varme steiner.
Aktivitetane denne dagen vil mellom anna inkludere:
- Lage mat i kokegrop (å lage mat på steinaldervis). Her vil besøkande få sjå korleis ein lagar heile lammelår i kokegrop på c. 2-3 timar.
- Steiking av kval og / eller selkjøtt på steinar / heller.
- «Flintsmed» der arkeologar syner korleis gjenstandar vart laga i steinalderen og syner dei i bruk. Blant anna skjer me opp kjøttet med steinknivar. I denne samanheng er ein av Europas beste flintsmedar, Morten Kutschera, henta inn. Han er ekspert på å gjenskape reiskap frå Steinalderen og vil vise korleis ein ved ulike teknikkar lagar steinreiskapar
https://www.facebook.com/MKs-Prehistoric-Arts-Crafts-209266602464061/?fref=nf
- Formidling om labyrinten og helleristningene
Medieinnslag frå lignende steinalderdager ved Tromsø Museum- Universitetsmuseet:
https://www.nordlys.no/se-steinalderkokkenes-oppskrift-pa-garantert-mor-og-saftig-steik/v/5-34-255370
Kontakt:
Arkeolog Jan Magne Gjerde, ansatt på forskningsprosjektet Stone Age Demographics ved UiT: + 47 95237794
https://en.uit.no/forskning/forskningsgrupper/sub?p_document_id=419451&sub_id=445739
Gjerde er årets vinner av Forskerforbundets hjernekraftpris for formidling av forskning.
https://www.forskerforum.no/dette-er-som-et-slags-forhistorisk-google-maps/
Samfunnskontakt Unni Sildnes, UiT i Kirkenes https://uit.no/om/enhet/ansatte/person?p_document_id=416654&p_dimension_id=178338