Bakgrunn

Giellatekno

Giellatekno, Senter for samisk språkteknologi ved universitetet i Tromsø, vart starta som eit prosjekt for samisk grammatisk analyse den 1.8. 2001. Frå og med 2004 vart prosjektet utvida til også å gjelde syntaks.

I 2005 starta Sametinget opp Divvun, eit prosjektet og ei arbeidsgruppa for å lage samiske ordretteprogram. Giellatekno og Divvun har sidan då arbeidd i lag med den morfologiske kjeldekoden for dei samiske språka, men vi har brukt desse grunnressursane til ulike ting. Divvun blei ein del av Universitetet i Tromsø frå 2011, men er framleis organisert som ei eiga gruppe.

I 2007 tok Giellatekno til arbeidet med interaktive pedagogiske program, først med nordsamisk versjon av VISL, i samarbeid med Syd-Dansk Universitet, deretter med språklæringsprogammet Oahpa. Første versjon av Oahpa vart laga for nordsamisk, seinare laga vi også ein versjon for sørsamisk, og i dag har vi også prøveversjonar for andre språk.

Giellatekno arbeider også med elektroniske ordbøker, der vi sett saman grammatisk analyse og ordbok til program som gjer det mogleg å klikke direkte i teksten, og få grammatisk analyse og ordboksoppslag, også for bøygde ordformer, som elles ikkje står oppført i vanlege ordbøker.

Grammatikkbaserte språkteknologiske verkty for tekstprosessering, språklæring, digitale ordbøker og syntetisk tale er ein føresetnad for at språk skal kunne fungere som bruksspråk i eit moderne samfunn. Giellatekno arbeider for å gjere slike program tilgjengelege for samiske språk, og for å gjere det lettare også for andre minoritetsspråkssamfunn å lage slike program.

Den lingvistiske filosofien vår er at analyseprogramma skal vere grammatisk og ikkje statistisk baserte ("ikkje gjett viss du veit"), og at dei skal ta utgangspunkt i ordformene, og bygge analyse nedanfrå og opp. På den måten får vi analyser som er robuste, men samtidig lingvistisk avanserte, slik at dei kan danne grunnlag både for utvikling av programvare og for språkforsking.