Publikasjonar

Samarbeid i Språk og samfunn-nettverket har resultert i fleire fellespublikasjonar, både vitskaplege og populærvitskaplege. Dei omtalar vi nærmare nedanfor, og vi har òg lagt ut lenkjer til tekstar som er fritt tilgjengelege. For å finne øvrige publikasjonar bør ein sjekke UiT-sida for kvar forskar; der er alle registrerte publikasjonar i Cristin-systemet lista opp. Forskingsgruppa LAIDUA, som er ein avleggjar av Språk og samfunn-nettverket, har ei eiga nettside med oversyn over publikasjonar.

Gulbrand Alhaug & Aud-Kirsti Pedersen (red.), 2015:

Namn i det fleirspråklege Noreg

«Dei fleste artiklane i denne boka gjer greie for stadnamn og personnamn brukte av språklege minoritetar i Noreg, bl.a. samar, kvenar og romanifolket (”taterar”). Ein artikkel tar for seg personnamn blant nyare innvandrarar. Har dei tatt vare på sin eigen namneskikk eller har dei tilpassa seg norsk namneskikk? Boka inneheld også ein artikkel om namn på teiknspråk og ein artikkel om utanlandsk påverknad på fornamna i Noreg.»

 

Tove Bull, Gulbrand Alhaug & Aud-Kirsti Pedersen (red.), 2014:

Endre-boka. Postfestumskrift til Endre Mørck

«Professor Endre Mørck ved Universitetet i Tromsø fylte 60 år 20.12.2012. Denne boka er såleis eit postfestumskrift til ære for jubilanten. Artiklane i boka spring for ein del ut av foredrag som blei haldne på eit seminar som blei arrangert for Endre i desember 2012, altså litt nærmare sjølve åremålsdagen i tid enn denne bokutgjevinga.

Foredragshaldarane var kollegaer frå nær og fjern som til liks med Endre forskar på ulike tema innafor eldre norsk språk og mellomalderhistorie. I tillegg har kollegaer i den såkalla Språk og samfunn-gruppa bidratt med artiklar. Såleis speglar boka stor fagleg breidd: historie, arkeologi, litteraturvitskap, norrøn filologi, studiar i mellomnorsk, grammatikk, syntaks, ordlaging, namnegransking, sosio­lingvistikk, fleirspråklegheit, språk og kjønn, m.m. Seminaret i 2012 gjekk under namnet Endre-dagen. Det gav opphav til boktittelen Endre-boka.»


Frå Språk og samfunn-miljøet bidrar desse kollegaene med artiklar:

Gulbrand Alhaug, Tove Bull, Philipp Conzett, Florian Hiss, Åse Mette Johansen, Jorid Hjulstad Junttila, Anna-Riitta Lindgren, Sirkka Seljevold, Hilde Sollid og Eira Söderholm.

 

Ottar nr. 5/2014:

Språk og språkmangfald i Nord-Noreg – innblikk i det som er og var

Ein bukett Språk og samfunn-forskarar skriv om det språkmangfaldige Nord-Noreg frå ulike innfallsvinklar:

«Språkleg mangfald har alltid kjenneteikna språkforholda i Nord-Noreg. I Ottar nr. 5/2014 får vi eit innblikk i dokumentasjon og utforsking av nordnorsk språk frå slutten av 1600-talet fram til i dag. Vi får kjennskap til sentrale trekk i den språklege variasjonen som kjenneteiknar nordnorske dialektar og norske dialektar generelt. I fleirspråklege samfunn er norsk talemål prega av at språkbrukarane er eller har vore fleirspråklege, og vi får vite litt om karakteristiske trekk i norsk språk i bygda Nordreisa i Nord-Troms, ei av dei mange bygdene der kvensk språk har vore med på å prege utviklinga av den norske dialekten. Det kvenske språket i Nordreisa blei grundig undersøkt av finske studentar på 1960-/70-talet, og vi får høyre om dette feltarbeidet slik ein av språkforskarane opplevde det. Norske barnehagar er ein viktig arena for fleirspråklegheit, og vi får kjennskap til den fleirspråklege kvardagen i barnehagar i Tromsø. Språk engasjerer, kjensler og identitet er knytt til språk og språkbrukarar. Korfor er det slik? - Dette kan vi lese meir om i Ottar nr. 5/2014.»

Meir detaljert informasjon om nummeret finn du her. Innleiinga samt eit av bidraga finn du òg til høgre på denne sida.

Nordlyd, 2012, vol. 39 (2):

Spesialutgåve om språkkontakt

Med Hilde Sollid som gjesteredaktør publiserte nettverket i 2012 eit spesialnummer av hustidsskriftet Nordlyd. Tromsø University Working Papers on Language and Linguistics (eit OA-tidsskrift). Nummeret er ein frukt av ein internasjonal workshop med tittelen Language choice in multilingual contexts som Sollid arrangerte i 2011.

Dei fem bidraga omhandlar:

  • fleirspråkleg utdanning i Kirkenes (Hilde Sollid)
  • tospråkleg rolleleik på nordsamisk og norsk i barnehagen (Carola Kleemann)
  • språkleg mangfald i det digitale landskapet (Trond Trosterud)
  • sosiale roller og lokale vs. globale interesser i vurderinga av språksituasjonar (Florian Hiss)
  • det lingvistiske landskapet på Universitetet i Tromsø i eit språkpolitisk perspektiv (Åse Mette Johansen & Tove Bull)

Lingvistiske landskap i Tromsø – eit innslag. Foto: H. Sollid.

 

språk inorge.png (Bredde: 180px)

Tove Bull & Anna-Riitta Lindgren (red.), 2009:

De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk

«Denne boka er et resultat av et følt savn fra forfatternes side. Det har lenge eksistert litteratur om minoritetsspråk i Norge, både om språkene til de gamle og til de nye minoritetene. Generelle framstillinger og framstillinger om enkeltspråk finnes, og mye er selvsagt skrevet om norsk. Men noen samlet framstilling av norsk språkmangfold har ikke eksistert før nå.

Boka tar mål av seg til å gi et generelt overblikk over det språklige mangfold og de språklige variasjoner i Norge. Det betyr ikke at alle språk som tales i Norge, blir omtalt. Det ville vært umulig! Til det er mangfoldet for stort. Et slikt mangfold gir store mulig­heter, både for enkeltindividet og samfunnet når den språklige rikdommen blir positivt tatt imot. Språkpolitiske implikasjoner av mangfoldet berøres derfor også.

Den språklige variasjonen som blir behandlet i boka, spenner fra globalt engelsk slik det brukes i Norge, over majoritetsspråket norsk, til urfolksspråk, minoritetsspråk, innvandrerspråk og tegnspråk. Språksosiale forhold er vektlagt framfor reint lingvistiske.

Boka er tenkt brukt som fagbok på universitets- og høgskolenivå og kan godt brukes i undervisninga i flere fag. De enkelte artiklene i boka er skrevet på en slik måte at de skal kunne leses av en større målgruppe. Alle som på et eller annet vis i arbeidssammenheng er i kontakt med norsk flerspråklighet, vil kunne ha nytte av boka. Og hvem har ikke kontakt med norsk flerspråklighet i dagens samfunn?»

    

 

Blogg

Språk og samfunn har ein blogg på forskning.no. Ta turen innom, og les kva forskarane i nettverket med ujamne mellomrom formidlar frå eiga forsking!

Ottar nr. 5/2014

Aud-Kirsti Pedersen (hefteredaktør): Innleiing

Anna-Riitta Lindgren: Om feltarbeid blant kvenar på 1960-talet