Arbeidsstøtte for ansatte

Presentasjonsteknikk

Slik kan du planlegge, bygge opp og gjennomføre ein presentasjon som gjer at du blir hugsa.

Planlegg presentasjonen

Reflekter over kvifor du skal halde presentasjonen. Er målet å underhalde, vekke interesse eller dele kunnskap? Definer dette tydeleg for deg sjølv og formuler eit klart mål for innhaldet og framføringa di.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Sett eit mål

Tenk igjennom kva skal du fortelje. Målet er ikkje å vise alt du kan, men å formidle temaet klart og tydeleg.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Definer bodskapen

Tilpass språket og stilen til dei du skal snakke til. Ein presentasjon for ein 1.-klasse vil sjå annleis ut enn ein presentasjon for vaksne på ein fagkonferanse. 


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Kjenn målgruppa

Bestem deg for dei to viktigaste tinga du vil at publikum skal hugse.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Spiss hovudpoenga

Korleis kan du illustrere presentasjonen? Har du bilde, video-, avis- eller lydklipp som kan brukast for å formidle bodskapen? Her finn du mal og tips til å lage ein god presentasjon, i for eksempel PowerPoint.


Sist endret: 16.09.2025
Printvennlig innhold: Bruk visuelle verkemiddel
Sist endret: 02.09.2025

Strukturer innhaldet

Begynn med eit spørsmål eller ein overraskande fun fact, for å fange merksemda. For eksempel: Når var sist du ...? Visste du at ...?


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Start sterkt

Del gjerne noko personleg og gi eksempel som publikum kan kjenne seg igjen i. Vi hugsar historiar betre enn rein info.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Fortel ei historie

Varier måten du utrykker deg på. Bruk stor bilde bilde og lite tekst på lysbileta. Legg til video, lyd, eller andre illustrasjonar for å halde interessa oppe. 


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Varier måten du utrykker deg på
Sist endret: 02.09.2025

Øv og gjennomfør

Øv på presentasjonen, ta tida, og sjekk om noko luggar. Spel inn og lytt til deg sjølv, eller få tilbakemelding frå ein kollega eller venn.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Test og juster

Skriv korte stikkord og stol på at du kan temaet. Hugs: Ingen andre veit kva du eigentleg hadde tenkt å seie.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Bruk jukselappar

Snakk tydeleg, ta pausar og ha augekontakt. Still spørsmål for å engasjere.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Kommuniser med publikum

Ikkje lås deg til manus. La presentasjoonen bli til gjennom dialog med publikum.


Sist endret: 02.09.2025
Printvennlig innhold: Tør å improvisere
Sist endret: 02.09.2025

Sjå lynkurs i presentasjonsteknikk

Sjå Audun Hetlands lynkurs i presentasjonsteknikk frå Kommunikasjonsuka 2024: https://vimeo.com/1033775218

Sist endret: 03.06.2025
Presentasjonsteknikk