høst 2019

LER-2112 Norsk 5.-10. trinn: Tekst i en digital verden - 20 stp

Sist endret: 01.04.2019

Ansvarlig fakultet

Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

Studiested

Alta | Kirkenes | Storslett | Annet |

Emnetype

Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn.

Innhold

I dette emnet er skrivepedagogikk, argumentasjon, retorikk, adapsjon og multimodale tekstar viktige tema, og studentane skal blant anna arbeide med analyse og produksjon av multimodale tekstar i ulike medium og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse.

Oppfølging av kartleggingsprøver og kunnskap om lese- og skrivevanskar blir også tatt opp i dette emnet. Det blir lagt vekt både på studentanes eigne ferdigheiter i tekstproduksjon og på det å kunne tilrettelegge for elevanes læring. Emnet tar også opp perspektiv på norskfaget før, no og i framtida.

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om skriftlege og multimodale sjangrar og teksttypar som er relevante for mellomtrinnet og ungdomstrinnet
  • brei kunnskap om eksplisitt og implisitt sjangerundervisning og om prosessorientert skriving i skriveopplæringa
  • kunnskap om retorikk og argumentasjon i munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kunnskap om personvern og kjeldebruk og om barn og unges samhandling med ulike media
  • kunnskap om og eit kritisk forhold til ulike kartleggingsverktøy
  • kunnskap om lese- og skrivevanskar

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere og vurdere elevtekstar i relevante sjangrar for mellom- og ungdomstrinnet
  • kan analysere og vurdere multimodale og digitale tekstar og adaptasjonar
  • kan produsere og publisere multimodale tekstar
  • forheld seg til etiske og juridiske problemstillingar knytte til informasjonsteknologi og digital kommunikasjon
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy og nye digitale læringsarenaer i opplæringa
  • kan kartlegge og vurdere grunnleggande språkferdigheiter og bidra til å sette i verk tiltak

 

Kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere over norskfaget som identitetsfag og danningsfag i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn og i eit historisk perspektiv
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium både skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving på skjerm og papir gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, gjennom å delta i organiserte diskusjonar og samtalar og gjennom vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som kan brukast i skulen.

Antal undervisningstimar utgjør om lag 100 timar, inkludert seminarundervisning.

Kvalitetssikring

Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.

Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • ein fagtekst (rundt 3000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
  • ein multimodal tekst
  • deltaking i samskriving av ein digital tekst og refleksjonsnotat knytt til skriveprosessen (rundt 1200 ord)
  • planlegge og delta i utforskande samtale om ei norskfagleg problemstilling
  • eit notat

Notatet kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal digital tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert i omtrent like stort omfang.

Eksamen består av:

Munnleg presentasjon av norskfagleg problemstilling (15 minutt) etterfulgt av samtale/diskusjon med fagfellar (15 minutt). Eksamen blir gjennomført i grupper på tre (eventuelt to) studentar der deltaking i samtale/diskusjon om framlegga til medstudentane er obligatorisk. Faglærar leier samtalen.

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.

Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester. 

Timeplan