Haust 2019

NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp

Sist endra 20.09.2019

Ansvarleg fakultet

Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

Studiestad

Tromsø |

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som eit enkeltemne og er ein del av Årsstudiet i nordisk, Lektorutdanninga trinn 8-13 13 med nordisk som fag 1 og 2 og Bachelor i nordisk språk og litteratur.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag).

Innhald

Emnet gjev eit oversyn over den fonologiske strukturen og ei grundig innføring i morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av morfologi er først og fremst knytt til bøyingssystema i bokmål og nynorsk. I tillegg skal studentane ha noko kjennskap til ordlaging i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. 

Kva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:  

Kunnskapar:

Studenten har:  

  • grundige kunnskapar om moderne norsk morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur

 

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - morfologi og syntaks i samsvar med teoriar og metodar som emnet byggjer på

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Pensumlitteraturen er på norsk, og ev. andre skandinaviske språk og engelsk.

Undervisning

Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca 52 timar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.

 

Kvalitetssikring:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.

Eksamen

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen:

  • ei obligatorisk skriftleg oppgåve. Målform: nynorsk.

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Time New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

 

Eksamen består av:

  • Skuleeksamen på 6 timar. Eksamensspråket er bokmål. Ingen tillatne hjelpemiddel. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlag.

 

Vurderingsuttrykk:

Bokstavkarakterar:

Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar A-F, der F er ikkje greidd.

 

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar på emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.

Eksamensdato

Skriftlig prø
ve 26.11.2019

Eksamensdato er førebels og vil kunne bli endra. Endeleg eksamensdato vert kunngjort på uit.no/eksamen og i studentweb primo mai for vårsemesteret og primo november for haustsemesteret.

Studiepoengreduksjon

NORD-102 Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp
NOR-1021 Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter 10 stp
NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp


Kontakt
Bror-Magnus Sviland Strand, ISK

Bror-Magnus S. Strand


Stipendiat i allmenn språkvitenskap
Telefon: +4777644243 bror-magnus.s.strand@uit.no