vår 2018
NOR-3016 Språkvitenskapelig metode - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret og 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Emnetype

Valfritt, teoretisk emne som kan takast som enkeltemne eller som eit ledd i mastergradsprogrammet i språk, studieretning nordisk. Emnet kan også takast som som valemne av studentar på lektorutdanninga trinn 8-13.

Emnet er særleg relevant for arbeidet med ei masteroppgåve i nordisk språkvitskap. Studentar kan bruke dette emnet til å komme i gang med oppgåva.


Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Opptakskrav: Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande) med fordjuping i nordisk (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i nordisk må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i desse emna i nordisk. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.


Innhald

Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane skal setje seg inn i ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt.

Kva lærer du

Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper

Studenten har kunnskap om:

  • forholdet mellom teori, metode og data
  • ulike typar empirisk materiale på det språkvitskaplege feltet, dvs. korleis ein samlar inn ulike språklege data, og kva ulike datasett kan brukast til
  • etiske retningslinjer for handsaming av språkvitskaplege data

Ferdigheter

Studenten kan:

  • gjere ei kritisk vurdering av metodisk utforming i språkvitskaplege arbeid generelt
  • planlegge og gjennomføre ei eiga innsamling av språklege data
  • analysere dette empiriske materialet og diskutere resultata på bakgrunn av relevant teori


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk.

Undervisning

Omlag 26 undervisningstimar i form av forelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg.

Våren 2018 går dette emnet samlingsbasert, 3 samlingar over to dagar (ca 26 timar).

 

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.

 

 


Eksamen

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

  • Planlegge og gjennomføre ei avgrensa datainnsamling med utgangspunkt i ei spesifikk problemstilling innan ein fastsett frist.

Eksamen består av:

  • Semesteroppgåve på 12 - 15 sider. Oppgåva skal vere ein analyse av heile eller delar av materialet som er samla inn i samband med arbeidskravet.

Semesteroppgåva skrivast med rettleiing og leverast innan fastsett frist. Valfri målform: bokmål eller nynorsk.

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

Vurderingsutrykk

Bokstavkarakterar:

Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar frå A–F, der F er ikkje greidd. 

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne


Pensum

BØKER (260 s.):

1. Blume, M. & B. Lust. 2017. Research Methods in Language Acquisition: Principles, Procedures, and Practices. Washington, DC; Boston: American Psychological Association; Walter de Gruyter. Kap. 4-8 (s. 71-163).

2. Hårstad, S., T. Lohndal & B. Mæhlum (2017): Innganger til språkvitenskap. Teori, metode og faghistorie. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. Kap. 6-8 (s. 125-176).

3. Podesva, R.J. & D. Sharma (red.). 2013. Research Methods in Linguistics. New York: Cambridge University Press. Kap.:

  • 2 Ethics in linguistic research (P. Eckert, s. 11-26)
  • 3 Judgment data (C.T. Schütze & J. Sprouse, s. 27-50)
  • 5 Population samples (I. Buchstaller & G. Khattab, s. 74-95)
  • 6 Surveys and interviews (N. Schilling, s. 96-115)
  • 7 Experimental research design (R. Abduhl, S. Gass & A. Mackey, s. 116-134)
  • 13 Creating and using corpora (S.T. Gries & J. Newman, s. 257-287)


ARTIKLAR OG AVHANDLINGAR (170 s.):

Bolander, B. & M.A. Locher (2014): Doing sociolinguistic research on computer-mediated data: A review of four methodological issues. I Discourse, Context and Media 3 (2014), s. 14-26.

Cornips, L. & C. Poletto (2005): On standardizing syntactic elicitation techniques (part 1). Lingua 115, s. 939-957.

Johannessen, J.B., J. Priestley, K. Hagen, T.A. Åfarli & Ø. Vangsnes (2009): The Nordic Dialect Corpus - an advanced research tool. I Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4 (red. K. Jokinen & E. Bick), s. 73-80.

Lande, T.M. (2017): "My kjedelige grena i ol ass". Stilistisk variasjon i en gruppechat på Facebook. Masteroppg. i nordisk språk ved lektorutd., ISK, UiT Norges arktiske universitet. Kap. 1 "Innledning" (s. 1-7) og kap. 3 "Metode" (s. 21-39).

Maegaard, M. & P. Quist (2005): Etnografi, praksis og sproglig variation - om etnografisk metode i udforskningen af sproglig variation som social praksis. I NyS 33. København: Multivers, s. 42-73.

Moyer, M.G. (2008): Research as practice: Linking theory, method and data. I The Blackwell Guide to Research Methods in Bilingualism and Multilingualism (red. L. Wei og M.G. Moyer). Blackwell Publishing Ltd., Oxford, UK, s. 18-31.

Myers, J. (2009a): Syntactic Judgment Experiments. Language and Linguistics Compass 3.1, s. 406-423.

Myers, J. (2009b): The design and analysis of small-scale syntactic judgment experiments. Lingua 119, s. 425-444.

Stjernholm, K. & I.I. Ims (2014): Om bruk av Oslo-testen for å undersøke oslomålet. I Norsk Lingvistisk Tidsskrift Årg. 32, s. 100-129.

I tillegg skal studentane legge opp 100 s. pensum individuelt i tilknyting til arbeidet med semesteroppgåva. Faglærarane skal godkjenne pensumet.

 

Studentane må kjøpe eller låne Hårstad et al. (2017). Resten av litteraturen er tilgjengeleg elektronisk på nettet eller via Universitetsbiblioteket.

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3016
  • Tidligere år og semester for dette emnet