Det spirar på forfattarutdanninga: Fem utgjevingar i 2019


– Det kan ta alt frå eitt til ti år før den fyrste boka kjem ut, så fem utgjevingar er faktisk veldig mykje, seier fyrsteamanuensis ved Kunstakademiet, Anne Oterholm.

bildemontasje av bøkene
Heile fem forfattarar knytt til forfattarutdanninga ved UiT gir ut bøker i år. Foto: Bildemontasje fra Cappelen Damm/Gyldendal forlag/Vigmostad Bjørke

I år har det kome ut heile fem skjønnlitterære bøker frå studentar som er knytt til forfattarutdanninga ved UiT. Anne Oterholm meiner det kan vere eit kvalitetsstempel at dei er gitt ut på store og etablerte norske forlag.  

– Det er ikkje vanskeleg å gje ut ei bok, det kan man for eksempel gje ut på eige forlag, men å komme ut med ei skjønnlitterær bok på dei etablerte forlaga er vanskeleg, seier ho.  

Forlaga får årleg inn fleire tusen manuskript i denne kategorien, og berre eit fåtal kjem gjennom nålauget.  

Utdanninga liknar på yrket 

Oterholm kommenterer at det jamleg har kome ut bøker tidlegare studentar ved utdanninga dei siste 20 åra, og peiker på fleire faktorar som kan vere grunnen til suksess.  

– Det er ei veldig fleksibel utdanning. Det er lagt opp med intense samlingar, og så skal man lese og skrive på eigehand mellom samlingane. Utdanninga “hermar” på ein måte korleis det er å vere skjønnlitterær forfattar. Ein må sjølv ta ansvar for eigen skriving, sjølv motivere seg riktig og klare å sette av den tida det tar utan at nokon passar på ein. Det er ei utdanning kor ein er avhengig av en stor dose sjølvdisiplin. Kanskje bidreg denne forma til at ein får skrive, og dermed gitt ut, bøker, seier ho.  

Vidare meiner ho at dei som ønskjer å bli forfattar får mykje igjen for utdanninga.  

– Ein jobbar målretta både med den handverksmessige sida av litteraturen og grunngjevinga for den. Det er ikkje nødvendig å kome med bok bere for å kome med ei bok. Du må forstå kvifor du gjer det du gjer, og det er viktig lærdom, seier Oterholm.  

Vil ikkje måle suksess i tal på utgjevingar  

Sjølv om fem bøker på eitt år er stas, ynskjer ikkje Oterholm at utdanninga sin suksess berre blir målt i tal på bokutgjevingar.  

– For det fyrste så kan det gå lang tid frå end studie til debuten kjem. Sjølv gjekk eg på Skrivekunstakademiet i Bergen, og for meg tok det åtte år før mi fyrste bok kom ut, seier ho.  

Forfattarutdanninga kan også brukast til andre ting enn å gje ut bøker.  

– Eit forfattarstudium kan brukast i mange samanhengar, for eksempel i forlag og aviser utan at folk gjer ut bøker.  

Desse gir ut bøker i år:

Martin Svedman – diktsamlinga Når jeg drikker, Cappelen Damm (gjekk ut frå UiT 2018)

Lina Marie Ulvestad – romanen Randhav, Cappelen Damm (gjekk ut frå UiT 2018)

Michael Rindhal – romanen Gammelgresset, Gyldendal forlag (gjekk ut frå UiT 2016)

Mari Andreassen – novellesamlinga Hvor lenge varer vi, Cappelen Damm (gjekk ut frå UiT 2018)

Kristin Hauge – romanen Ritualer, Vigmostad Bjørke (noverande student) 

 

På Twitter   #norgesarktiske