Polarnatt blir stilt ut på flytande museum Krasin


Etter turné i Nord-Amerika, der ho blei opna av kong Harald i Alaska, vandrar utstillinga «Polarnatt» vidare til St. Petersburg i Russland. Der skal ho stillast ut på det flytande museet Krasin.

Liv i mørkeret

«Polarnatt» er ei av Polarmuseet sine ferskvareutstillingar, med fokus på nyare polarforsking. Utstillinga er basert på arbeidet til forskingsgruppa Mare Incognitum, med forskarar frå UiT, NTNU, UNIS og Akvaplan-niva, under leiing av Jørgen Berge, professor i arktisk og marin biologi ved UiT Noregs arktiske universitet.

– Vi utfordra ideen om at havet er ein aud og forlaten arena i mørketida, seier Berge.

I løpet av den mørkaste tida på året – polarnatta – studerte dei livet i Kongsfjorden vest på Spitsbergen. Ved hjelp av robotar, kamera og dykkarar fann dei ut at det syda av liv i vatnet, også langt nedover i dei mørke vassmassane. Her var artar som bruka polarnatta til å vekse, til å leggje egg eller førebu seg på å gyte.

– Mørketida er altså langt frå ei kviletid for dyrelivet i Arktis, som ein tidlegare har antatt.

Vandrande utstilling

Etter at utstillinga blei tatt ned frå Polarmuseet sine veggar, har ho fått eit svært aktivt etterliv. Ho har vore på turné i Nord-Amerika, der ho vart vist på Anchorage Museum i Alaska, opna av kong Harald, Smithsonian i Washington DC, Boston, Delaware og St. Johns i Canada. I tillegg har ho vore innom Svalbard og Trondheim, og i fjor var ho ein del av NAUKA 0+ i Moskva, ein forskingsfestival med over to millionar besøkjande.

UiT-rektor Anne Husebekk opnar «Polarnatt» måndag 14. januar på Krasin. Krasin vart for alvor eit symbol på russaranes polare krefter etter at skipet braut seg gjennom havisen for å nå ut til dei overlevande etter det havarerte luftskipet «Italia» i 1928. Han deltok òg i leitinga etter Roald Amundsen som var forsvunnen med flyet «Latham». No er skipet gjort om til eit flytande museum og ligg til kai på elva Neva, midt i millionbyen St. Petersburg.

Du kan lese meir om Polarnatt her.

Utstillinga opnar 14. februar klokka 10.00 og blir ståande ut februar 2019.

På Twitter   #norgesarktiske