God stemning og konkrete jobbmoglegheiter på Håp i Havet-konferansen


For 16. gong på rad har studentane ved Noregs fiskerihøgskule arrangert ein vellukka konferanse og skapt ein møteplass for næring og studentar.

Håp i Havet-styret 2018. Foto: Mina Taaje

Sushi, god musikk, latter, mange unge menneske, næringslivsaktørar og foredrag med tema fisk.

Dette kjenneteiknar Noregs største student-organiserte sjømatkonferanse Håp i Havet på UiT. Med den spinnville komikaren Erik Solbakken som konferansier og den anerkjende nord-norske songaren Kristian Kristensen med musikalske innslag, var stemninga både sprudlande og melankolsk.

Både gründerar, konsernsjefar, administrerande direktørar og dekan stod på talelista under konferansen. Det viktigaste som skjer er likevel dei små møta mellom studentar og potensielle arbeidsgjevarar i pausane. For fiskeristudentar har Håp i Havet vorte ein viktig arena for å utforske framtidige arbeidsmoglegheiter.

Ei samla næring

Tidlegare UiT-student Ragnhild Kajander jobbar no som logistikk-koordinator i SalMar. Foto: Ellen Kathrine Bludd

Årets tema var «Ei samla næring i ei blå framtid».

– Med dette temaet ønskjer vi å setje fokus på kor viktig det er at næringa står samla, og jobbar for eit felles mål - ein sterkare sjømatnæring, skriv Håp i Havet-styret på nettsidene sine.

– Vi ønskjer òg å setje fokus på samspelet og samarbeidet som må eksistere mellom næringsaktørane slik at vi alle kan gå styrka inn i ei blå framtid, skriv styret vidare.

Ni studentar frå Noregs fiskerihøgskule og Handelshøgskulen ved UiT har stått for heile det populære arrangementet.

– På Håp i Havet møter ein mange i næringa, seier Ragnhild Kajander, som no jobbar som logistikk-koordinator i oppdrettkonsernet SalMar.

– Som student får ein eit godt overblikk over kva som rører seg i næringa og ein skaffar seg kontaktar.

Ho fortel at det òg er ein fin arena for næringa å møta studentar.

Konkrete jobbtilbod

– Det er dritkult at vi bur i Nord-Noreg, sa Kjersti Busch, gründer i konsulentfirmaet SALT.

For studentar som vil jobbe med fisk og sjømat kan moglegheitene verke endelause her i nord.

Ute i foajeen stod ein plakat om sommarjobb. Konsersjefen i Lerøy Aurora, Henning Beltestad, kom med jobbtilbod frå scena. Grunder Kjersti Busch, kom med to heilt konkrete jobbtilbod i Finnmark. Jim Roger Nordly, eigar av Nordly Holding, fortalde om ein akvamedisinstudent som hadde henta han på flyplassen som han ville rekruttere. Så ein kan trygt seie at Håp i Havet er ein god arena viss du har lyst på ein jobb i sjømatnæringa. 

– Vi er sju personar som er her frå SalMar, og fem av dei har studert på UiT. Fire er utdanna frå Noregs Fiskerihøgskule og ein er utdanna geolog, fortel Ragnhild Kajander i SalMar.

Kajander stod på stand for SalMar for å møte studentar og andre som kom innom.

– Eg fekk deltidsjobb i SalMar før eg var ferdig med min bachelor i fiskeri- og havbruksvitskap, og fulltidsjobb rett etterpå, fortel Kajander.

Nord-Noreg i vekst

Torsken la grunnlaget for oppdrettsnæringa i Nord-Noreg. 

– Nord-Noreg er den einaste landsdelen i vekst, sa statsminister Erna Solberg i talen sin til 50-års jubileets kick-off i januar.

Ein får verkeleg eit inntrykk av eit levande Nord-Noreg i vekst på Håp i Havet. Det er ein optimistisk stemning, og det kan verke som studentane som vil jobba med fisk og sjømat går ei lys framtid i møte.

– Torsken kom hit før oss, og det er difor vi bur her og har den infrastrukturen vi treng til å drive med oppdrett, fortalde Kjersti Busch, gründar i SALT og tidlegare PhD-student frå UiT.

– Vi treng fleire fiskeristudentar til å løyse problema i næringa, spesielt på biologisida, sa Jim Roger Nordly, som ønskte studentane velkommen til sjømatnæringa.

På Twitter   #norgesarktiske
Skip to main content