Desse barna feira nytt samarbeid med Lucia-tog

Eit heilt Lucia-tog med barnehagebarn gjekk inn i rådhuset for å feire at Tromsø kommune og UiT skal utvikle universitetsbarnehagar.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 13.12.17 00:00 Oppdatert: 13.12.17 17:57
Tromsø

STEMNINGSFULLT: Ein ny samarbeidsavtale mellom UiT og Tromsø kommune vart markert med Lucia-tog i rådhuset onsdag. Foto: Mathilde Torsøe
Ein flokk barnehageungar kledd i Lucia-drakter kjem inn i kommunestyresalen i Tromsø rådhus – midt under eit møte. Salen er fullsett og kommunestyrerepresentantane smiler når ungane byrjar å synge. Nokon dreg frem mobilen og tek bilde.

– Dette var veldig staseleg, seier Kristin Røymo, ordførar i Tromsø, etter at barna har forlate kommunestyresalen.

– Det var viktig å gjere kommunestyret merksam på den nye samarbeidsavtalen vi har inngått med UiT Norges arktiske universitet, og flott å markere det på ein symbolsk måte på Luciadagen, held ho fram.

UiT og Tromsø kommune inngjekk nyleg ein avtale om å saman utvikle universitetsbarnehagar. Målet er å heve kvaliteten både i barnehagane og på barnehagelærarutdanninga, mellom anna ved å få meir forsking inn i barnehagane.

Seks universitetsbarnehagar

Seks barnehagar i Tromsø er inkludert i avtalen; Gimle studentbarnehage, som tilhøyrar Norges arktiske studentsamskipnad, dei kommunale barnehagane Lunheim, Reinen og Fjellvegen, samt Bukkespranget naturbarnehage og Tusseladden friluftsbarnehage.

Odd Arne Thunberg, leiar for Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, og Helge Habbestad, studieleiar for barnehagelærarutdanninga, er nøgde med at prosjektet no er ordentleg i gang. Foto: Mathilde Torsøe
Røymo peikar på at barnehagen er svært viktig for barns utvikling, og at det er viktig å sørge for at kvaliteten i barnehagane og på barnehagepersonalet er god.

– Det trur eg den nye samarbeidsavtalen kan bidra mykje til. Avtalen er spanande – og viktig for barna i Tromsø. Vi er heldig som har eit universitetet som er så langt framme når det gjeld barnehagelærarutdanning og pedagogikk. Koplinga mellom teori og praksis er verkeleg viktig når det gjeld universitetsbarnehagar. Ein ting er å betre barnehagelærarutdanninga i teorien, noko heilt anna er å betre utdanninga i praksis - i barnehagemiljøet, seier Røymo.

Avtalen vil bidra til at kommunen får eit tettare samarbeid med UiT, noko Røymo meiner er viktig. 

– Vi får veldig mykje igjen for eit tett samarbeid med universitetet.

LES MEIR: Skal samarbeide om arktisk hovedstad

Først i landet

Ifølge Helge Habbestad, studieleiar for barnehagelærarutdanninga på studiestad Tromsø, er UiT det første universitetet som har universitetsbarnehagar i Norge.

– Det er litt artig å vere først ute. Eg ser at ein del andre barnehagelærarutdanningar i Norge også går denne vegen – dei ønskjer å få eit enda tettare samarbeid med enkelte barnehagar. Den nye avtalen går ut på arbeid knytt til forsking og utvikling, utvikling av barnehagar, utvikling av praksisfeltet og utvikling av barnehagelærarutdanninga, seier han.

Under markeringa onsdag gratulerte Røymo og UiT-rektor Anne Husebekk barnehagane med å ha vorte universitetsbarnehagar. Husebekk nytta òg høvet til å komme med eit ønskje:

– Barnehagar er den einaste utdanningsinstitusjonen i Norge som ikkje er gratis. Det skulle eg ønske at den var, så da har kommunestyret noko å jobbe med, sa ho med eit smil frå talarstolen.

Tine Skogstad Dale (5) frå Reinen barnehage gjekk i front i Lucia-toget.  

– Eg vart litt redd da eg kom inn, for det var veldig mange menneske der. Men når vi begynte å synge gikk det bra, da var det litt morosamt, fortel ho, medan ho og resten av barnehagebarna gomlar på lussekattar. 

– Ja, det var gøy å synge for politikarane. Men det beste med Luciadagen er å ete lussekattar og drikke saft, seier Embla Ekroll Kartfjord (5).

LUNSJ PÅ RÅDHUSET: Etter synginga fekk barna lussekattar i kantina på rådhuset. Det falt i smak hos Embla Ekroll Kartfjord (5) og Tine Skogstad Dale (5) frå Reinen barnehage. Foto: Mathilde Torsøe

- Treng fleire faglærte

Tromsø kommune og UiT har i fleire år hatt eit vellykka samarbeid om universitetsskular i grunnskulen. Det nye samarbeidsprosjektet er fireårig.

– Vi gler oss til å starte eit spanande samarbeid med kommunen om utvikling av barnehagefeltet og barnehagelærarutdnanninga, seier Habbestad.

Han seier avtalen truleg vil innebere at fleire fagfolk vert  knytt til universitetsbarnehagane, og at UiT eksempelvis vil prøve ut ulike praksisformar i barnehagane før dei vert rulla ut i større skala.  

13 barnehagar søkte om å bli med i prosjektet. Ei ekstern arbeidsgruppe vurderte søknadane og valte ut seks av dei. Anita Nergaard i Reinen barnehage er svært glad for at dei kom med. 

– Vi er litt spente på kva det å vere universitetsbarnehage vil innebere, men det vil nok innebere eit tettare samarbeid om barnehagelærarutdanninga. Vi er kjempeglade for at vi får vere med¨å påverka denne utdanninga. Eg håper vi kan lære masse av universitetet, og at dei kan komme til oss og bidra ute i barnehagane i større grad, sier ho, som meiner det er svært viktig å ha nok barnehagelærarar i barnehagane:

– Dette er ein arbeidsplass med ein del ufaglærte, og vi treng fleire faglærte. Tida i barnehagen er så viktig – personalet treng nok utdanning.  

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 13.12.17 00:00 Oppdatert: 13.12.17 17:57
Tromsø
Vi anbefaler