Opprettar nye studiar i paramedisin, reiselivsleiing og landskapsarkitektur


UiT opprettar bachelor i paramedisin, masterprogram i reiselivsleiing og masterprogram i landskapsarkitektur frå hausten 2018.

Universitetsstyret har vedteke å opprette tre nye studietilbod ved UiT frå hausten 2018. Foto: Randi Solhaug

Alle dei tre nye studiane vart vedteke oppretta av universitetsstyret 30. november i år.

Tilbod til ambulansepersonell

Det nye bachelorstudiet i paramedisin vil dekkje dei behova som ambulansepersonell vi ha i dagens helsevesen. Foto: Jon Terje Eiterå

Studieprogrammet i paramedisin er på bachelornivå med eit omfang på 180 studiepoeng, og vil dekkje dei behova som ambulansepersonell vil ha i dagens helsevesen. 25 studieplassar er planlagd, noko som har samanheng med tilgjenge på praksisplassar.

Per i dag finst det tilbod om utdanning i ambulansefag på bachelornivå ved Høgskulen i Oslo og Akershus (frå 2014) og ved Nord universitet (frå 2017). UiT hadde opphaveleg ønske om å utvikle eit nytt bachelorprogram i ambulansefag i samarbeid med Nord universitet, men dette samarbeidet har ikkje vorte vidareført.

Samstundes har Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) gjeve UiT tilbakemelding om at dei har behov for at det vert oppretta eit slikt tilbod i Tromsø. Det helsevitskapelege fakultet meiner difor at det ut frå tilbakemeldingane frå UNN og på grunn av dei nye kompetansekrava frå 2018, vil vere behov for å opprette eit tilbod innan ambulansefag i Tromsø.

Universitetsstyret ber Det helsevitskapelege fakultet om å gå i dialog med Nord universitet og Helsa Nord med tanke på å få etablert ei felles plattform for samarbeid og utvikling av bachelorutdanningane i paramedisin/paramedic i Nord-Noreg. Styret føreset at dette vert gjort i god tid før det første kullet er uteksaminert i 2021 .

Master i reiselivsleiing
Universitetsstyret godkjende òg oppretting av erfaringsbasert masterprogram i
reiselivsleiing med start hausten 2018 .

Reiselivsnæringa i Noreg har opplevd stor vekst, og dette inneberer både påkjenning for miljøet og slitasje mellom næringa og lokalsamfunna som rørast av verksemda. Masterprogrammet har som mål å formidle kunnskap om berekraftige prinsipp og politiske slutningsprosessar slik at næringa utviklar seg i tråd med ei ønskt samfunnsutvikling. Programmet er utvikla av Institutt for reiseliv og nordlege studium (IRNS) i samarbeid med arenaprosjektet «Lønnsomme vinteropplevingar» (ALV), og er basert på ei kompetansekartlegging dei har gjennomført blant verksemder og tilsette i reiselivsnæringa.


Erfaringsbasert masterprogram i reiselivsleiing skal ha eit omfang på 90 studiepoeng og verte tilbode som eit deltidsstudium over 2,5 år. Undervisinga skal gjevast samlingsbasert slik at studentane kan jobba ved sidan av studiane. Det er planlagd 20 studieplassar.

5-årig mastar i landskapsarkitektur
Det kunstfaglege fakultetet (Kunstfak) har i samarbeid med Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo (AHO) levert ein søknad om oppretting av eit femårig integrert masterprogram i landskapsarkitektur frå hausten 2018.

Universitetsdirektøren er særs nøgd med kvaliteten på søknaden, og påpeiker dessutan at etablering av studieprogram som vert tilbode av to eller fleire institusjonar som fellesgrad, er noko som vert ønskt politisk i Noreg.

"Masterprogrammet i landskapsarkitektur er eit godt døme på at to institusjonar har utvikla og i fellesskap kan tilby eit studium som den enkelte institusjonen åleine ikkje har kunna. Slik arbeidsdeling inneber effektiv ressursutnytting, då eit alternativ kunne vore at kvar institusjon måtte ha nytta betydeleg større ressursar for å byggje opp to parallelle fagmiljø og i tillegg måtta konkurrere om studentane", står det i sakspapira. 

Etableringa av masterprogrammet vert òg grunngjeve med å kunne møte aktuelle samfunnsutfordringar knytt til klimaendringar, urbaniseringsprosessar, forventningar om utnytting av naturressursar, migrasjon og minoritetsspørsmål. Direktøren påpeikar at programmet støttar tett opp om fleire punkt i UiT sin strategi, Drivkraft i nord.

Masterprogrammet har eit omfang på 300 studiepoeng. Kunnskapsdepartementet (KD) har allereie gitt tilsegn om midlar til 40 nye studieplassar, under føresetnad at UiT og AHO i samarbeid tilbyr denne femårige integrerte masterutdanninga (20 studieplassar på bachelorgradsnivå og 20 studieplassar på mastergradsnivå per år).

På Twitter   #norgesarktiske
Skip to main content