Får éin million kroner til å førebu elevar på studielivet

Pengane skal gå til vidareføring av iKomp, eit nettbasert kurs for elevar i vidaregåande skule. – Dette er naudsynt for å hjelpe ungdommane med overgangen til universitetet. I dag får mange studentar altfor lite utbytte av studiane.
Torsøe, Mathilde
Publisert: 05.05.17 00:00 Oppdatert: 12.05.17 10:21
Tromsø

 

NØGD: Lars Figenschou ved Universitetsbiblioteket (UB) er nøgd med at iKomp, som han er prosjektleiar for, no har fått éin million kroner i tilskot. Førre semester blei det nettbaserte kurset obligatorisk arbeidskrav ved Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak.) ved UiT. Figenschou jobbar for å få det obligatorisk på heile universitetet, og fortel at dei
starta opp arbeidet med iKomp i februar 2015. Foto: Mathilde Torsøe

Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Norges arktiske universitet har fått éin million kroner i tilskot for å utvikle og vidareføre det treårige prosjektet iKomp. Nasjonalbiblioteket gjev 900.000 kroner fordelt på dei to neste åra, og Utdanningsetaten i Troms fylkeskommune gjev 100.000 i samme periode.     

- I dag slit mange ungdommar med overgangen til høgare utdanning, mellom anna på grunn av den store fridommen ved universitetet. Tilskotet skal brukast til å vidareutvikle, og så utprøve det nettbaserte informasjonskompetansekurset iKomp, seier doktor Lars Figenschou, førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Norges arktiske universitet og prosjektleiar for iKomp.

Han er nøgd med å ha fått tilskotet.

- Målet er å forenkle overgangen til studielivet ved å fokusere på informasjonskompetanse allereie første året på vidaregåande, og iKomp bør særleg tilpassast elevane på dette årstrinnet betre. Mange ferske studentar slit med å lære, altså tileigne seg gode lærings- og arbeidspraksisar. Informasjonskompetanse har blitt ein heilt naudsynt nøkkelkompetanse i ein heildigitalisert utdanningskvardag.

Ikkje tenkt på eigne læringsstrategier

På universitetet blir det sagt at studentane «lærer det å lære». Men ifølge Figenschou har mange ferske studentar ved universitetet aldri tenkt på eigne læringsstrategiar.

- Hadde studentane brukt ti minutt på å setje seg litt inn i korleis dei sjølv lærer, hadde dei kanskje ikkje trengt å sitje tolv timar i døgnet og lese, men i staden sju - med eit betre resultat, seier Figenschou.

- Men er ikkje det å «lære å lære» noko som kjem etter kvart på studiet?

- Jo, for mange er det slik. Men samtidig er det empiriske studiar som viser at om lag 50 prosent av studentane ikkje blir betre på informasjonskompetanse etter å ha vore på universitetet i to år. Eg trur nok desse resultata gjenspeglar røyndommen ved vårt universitet.

iKomp består av videoar, oppgåver, tekstar og quizar, og tek 4- 7 timer å gjennomføre.

- Vi lærer ungdommane mellom anna kva akademisk ærlegdom er, kvifor det er viktig og korleis kunnskap blir til. Vi lærer dei å forstå, ikkje berre pugge det dei les eller skriv, seier Figenschou.

Universitetsbiblioteket samarbeider med Troms fylkesbibliotek om iKomp, i tillegg til dei tre vidaregåande skulane Breivang, Bardufoss og Kvaløya. Desse er universitetsskular og skal vere med på å prøve ut verktøyet.  

Studentar på opne studiar slit mest

Ifølge Figenschou er det altfor mange av førsteårsstudentane på dei opne studiane ved UiT som slit med å tileigne seg læring på universitetet. Han anslår at mellom ein tredjedel og halvparten av desse har problem med å knekke kodane relatert til eiga læring.

- Dagens 18- 19-åringar, våre nye studentar, er ein veldig heterogen masse. Mange er flinke, men det er altfor mange som ikkje klarer å knekke koden relatert til korleis dei finn, evaluerer og brukar informasjon. Dei er første generasjon som har hatt tilgang til PC sida dei blei født. Studentane klipper og limer mykje frå nett, kjøper oppgåver herfrå, har store problem med skriving og struktur i tekstar, og dei slit generelt med kritisk tenking. Dette matchar ikkje krava og forventningane frå universitetet.  Også studentar på studiar med inntakspoeng slit med dette. Problema varer ofte heilt til dei skal levere bachelor- eller mastergraden, seier Figenschou.

Han har jobba med temaet dei fire siste åra og sett at problemet har blitt meir utbredt. Førstebibliotekaren er bekymra for utviklinga.

- Vi veit ikkje om iKomp er løysinga, men vi håper vi kan hjelpe ein del ved å bevisstgjere dei på korleis dei lærer allereie frå dei er 16 år gamle. Vi har førebels ikkje data som seier at studentar som har gjennomført iKomp gjer det betre på ulike eksamenar, men vi har data på at dei som har ein høg grad av informasjonskompetanse også er dei som lærer mest.

Stor utdanningsauke

Talet på studentar som tek høgare utdanning har auka markant dei siste tiåra. For 40 år sidan var det ifølge Figenschou berre 2-5 prosent av gymnaselevane som begynte på eit universitet – ofte dei som hadde ein skikkeleg lidenskap for eit fag. I dag begynner nesten 50 prosent av ungdomskulla på universitetet.

-Sjølvsagt er det fint at utdanningsnivået i Norge aukar, men det har også konsekvensar. I dag er det for få studentar på norske universitet som har ein lidenskap for det dei studerer. Men når vi spør ungdommane kva dei gjer her, har dei for så vidt eit godt svar; «kva anna skulle vi elles ha gjort?» Samfunnet krev det. I dag kjem ein nesten ingen veg med ein bachelorgrad, ein må nesten ha ein doktorgrad viss det skal monne, seier han.

Ifølge Figenschou har talet på disiplinære saker ved UiT auka frå 5 til cirka 30 frå 2012 til 2015.  Han seier at nesten alle desse er plagiatsaker, og at utanlandske studentar har skuld i ein del av dei.

Torsøe, Mathilde
Publisert: 05.05.17 00:00 Oppdatert: 12.05.17 10:21
Tromsø
Vi anbefaler