– UiT-forsking inspirerte til ny hekseopera

No blir det opera basert på UiT-forsking om hekseprosessane i nord og lagnaden til Johanne Nielsdatter, den siste kvinna som vart avretta som heks i Noreg.
Brøndbo, Stig
Publisert: 23.10.16 00:00 Oppdatert: 11.01.18 15:54

Ola Bremnes (t.h) har skrive ein opera om hekseprosessen mot Johannes Nielsdatter, den siste som vart brent på bålet for å ha drive trolldomskunst. Forskinga til UiT-historikar Rune B. Hagen har vore sentral i arbeidet med operaen, og fredag bringa NRK dei to saman på Kveøya, der Nielsdatter sat i forvaring. Foto: Stig Brøndbo
– Det har vore utruleg spennande å høyre på historia om Johanne Nielsdatter, også fordi han som fortalde om ho var så kunnskapsrik, seier Mathilde Bøgner og Stian Pettersen, som begge går på andretrinnet på Heggen vidaregåande skole i Harstad. Foto: Stig Brøndbo
Fredag fortalde historikar Rune B. Hagen 200 elevar ved Heggen vidaregåande skole den grusomme lokalhistoria frå hekseprosessane i nord. Foto: Stig Brøndbo
For to år sidan lanserte lokalpolitikar Arne Martin Dahle (t.h) forslaget om å setje opp eit minnesmerke over Johanne Nielsdatter, som vart brent på bålet som heks på Borkenes i Kvæfjord kommune. UiT-historikar Rune B. Hagen støttar forslaget. Foto: Stig Brøndbo

Om ein månad er det premiere i Harstad kulturhus på ein ny opera basert på forskinga til UiT-historikarane Rune Blix Hagen og Liv Helene Willumsen om hekseprosessane i nord.

Fredag drog Blix Hagen til Harstad og Heggen vidaregåande skole for å fortelje 200 elevar om kva som skjedde då hovudpersonen i operaen, Johanne Nielsdatter, vart avretta på bålet på Borkenes, berre 20 minuttar køyretur unna den vidaregåande skolen.

 

Historietime

– Ho vart nok torturert og tilstod til slutt at ho hadde drive trolldomskunst gjennom å ha gått med på ei pakt med djevelen og utføra vêrmagi, fortalde hekseforskaren. Det var heilt stille i salen då Blix Hagen fortalde om Nielsdatter og dei andre trolldomsprosessane, om jenter som kom frå bygder i distriktet utanfor Harstad og som drog til Finnmark for å tene til livsopphald. Her møtte dei skuldingar om å ha samarbeidd med djevelen, og Hagen fortalde om kor lite som skulle til for at ei tenåringsjente kunne bli torturert til ei tilståing og hamne på bålet. Overraskande uver eller tenåringstrass kunne vere nok.

 

Beste timen

– Den beste historietimen vi har hatt, var konklusjonen til elevane etter timen.

­– Dette står det ingenting om i historiebøkene våre. Det har vore utruleg spennande å høyre på, også fordi han som snakka kunne så mykje om det forferdelege som skjedde, meinte Mathilde Bøgner og Stian Pettersen, som begge går på andretrinnet på Heggen vidaregåande skole i Harstad.

– Vi kunne nok vore skulda for å vere hekser, sa Linda Larsen, Maria Heløe og Kristin Finfjord til Harstad Tidende etter å ha høyrt føredraget.

– Det er rart å tenkje på at det skjedde ikkje så langt unna, seier Mathilde Bøgner og Stian Pettersen.

 

Hekseopera

Og nettopp det at Johanne Nielsdatters sin lagnad var i nærleiken har inspirert musikkmiljøet i Harstad til å skrive ein opera om det som skjedde. Teksten er skriven av Ola Bremnes, som bur i Kvæfjord kommune der Nielsdatter vart brend til døde i 1695, som den siste av dei meir enn 300 personane som vart avretta på bålet for å ha drive med trolldomskunst i Noreg.

– Vi veit ikkje heilt kvar bålet stod, men vi veit at ho sat i forvaring på Kveøya fram til ho vart avretta, seier Ola Bremnes. Fredag møtte han Rune Blix Hagen på Kveøya og fekk diskutere detaljar omkring Nielsdatters siste dagar.

– Vi veit også kven som var bøddelen og kva gard ho sat på medan ho venta på lagnaden sin. Men akkurat kvar bålet stod, har vi ikkje funne nokon dokumentasjon på, seier Rune Blix Hagen.

 

Minnesmerke

I operaen skildrar Ola Bremnes møtet mellom gardsjenta Gjertrud Rasch og Johanne Nielsdatter.

– Eg trur dette møtet må ha vore veldig sterkt, seier Bremnes.

– Det er nok svært sannsynleg, dei to vart nok kjende. Vi veit ikkje kor gamal Johanne Nielsdatter var, men Gjertrud Rasch var 22 år då dette skjedde, seier Rune Blix Hagen.

Operaen har premiere i Harstad kulturhus 11. november, og i samband med nyoppsetjinga har lokalpolitikar i Kvæfjord, Arne Martin Dahle, tatt til orde for å få sett opp eit minnesmerke over Johanne Nielsdatter, eit initiativ både Hagen og Bremnes støttar.

Brøndbo, Stig
Publisert: 23.10.16 00:00 Oppdatert: 11.01.18 15:54
Vi anbefaler