Blir del av europeisk elitelag med forskarar

30.08.16 Stig Brøndbo

Professor Liv Helene Willumsen si forsking på hekseprosessane har gitt henne plass på eit tverrfaglig elitelag av forskarar ved eitt av Europas fremste universitet.

Liv Helene Willumsen er invitert til å bli del av eit internasjonalt forskarteam som skal ha base ved University of Edinburgh i Skottland. Foto: Stig Brøndbo

For to år sidan vart professoren i historie ved Institutt for historie og religionsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet nominert til ein europeisk bokpris for si trolldomsforsking. I boka ”Witches of the North: Scotland and Finnmark” samanlikna ho trolldomsprosessane i Finnmark med tilsvarande prosessar i Skottland. No har det skotske toppuniversitetet University of Edinburgh spurt Liv Helene Willumsen om ho kunne tenkje seg å flytte til Skottland i eit halvt år for å vere en del av eit internasjonalt og tverrfagleg forskarteam frå januar 2017.

– Det er ei utruleg stor ære å bli spurt, og det blir veldig spennande å treffe dei andre forskarane, seier Willumsen.

 

Spennande diskusjonar

University of Edinburgh har ein 50 år lang tradisjon med å setje saman internasjonale og tverrfaglege forskarteam. Willumsen veit ikkje kven ho kjem til å møte eller om ho kjem til å treffe andre historikarar eller forskarar som har studert hekseprosessane.

– For meg vil det berre vere ein bonus om eg treff andre med same faglege interesse som meg. Eg trur at dei tverrfaglege møta mellom ulike forskartradisjonar uansett kan utfordre og skape spennande og nye vinklinger også til eiga vidare forsking. Eg er ikkje i tvil om at det kjem til å bli mange spennande diskusjonar, seier historieprofessoren.

 

To doktorgradar

Liv Helene Willumsen har gitt ut fleire bøker om hekseprosessane, og ho var sentral då Steilneset Minnested utanfor Vardø fikk si utforming. Når ho no startar sitt seks månadar lange forskarfellesskap, blir det litt som å reise heim. Willumsen har vore der mange gonger i samband med eiga forsking og tok ein av sine to doktorgradar ved nettopp University of Edinburgh. Universitetet har i fleire år vore rangert som eitt av dei ti beste universiteta i Europa.

På Twitter   #norgesarktiske