Stormar fram med nye idéar

20.01.16 Trude Haugseth Moe
Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.

Jurfak var det første fakultetet som fekk UiTs fyrtårnmidlar for fornying av deler av undervisninga, våren 2015. Resultatet har vorte frisk satsing på mellom anna ny teknologi og pedagogikk i undervisninga. 

Professor Lena Bendiksen har innført nye undervisningsmetodar på Jurfak. Motorisert rullebrett i rettssalen er elles ikkje ein av dei -  det var berre til ære for fotografen. 

– Det vi gjer er nybrottsarbeid, fortel Lena Bendiksen, prosjektleiar for fyrtårnsatsinga og professor på Jurfak.

Ho trur det som vert gjort kan ha overføringsverdi til andre studium.  Difor lanserer dei no også ei nettside slik at alle interesserte kan gå inn og lese om satsinga «Kompetanse og læringsutbyte».

Kompetanseheving

Om prosjektet fortel hun at det har ei todelt målsetjing.

–  Det første vi ynskjer er ei kompetanseheving i lærarkreftene. Då snakkar vi både pedagogisk og digital kompetanse. Vi ynskjer å auke bevisstheita om korleis ein underviser best mogeleg, og styrke lærerane sin kompetanse i nye undervisningsformer og digitale alternativ, fortel Bendiksen.

Pedagog og videopodcast

I prosjektet har dei mellom anna tilsett ein eigen pedagog på fakultetet, som set pedagogikk og undervisningsform på dagsorden, både for lærarar og studentar. Pedagogen tilbyr observasjon av undervisninga til kvar enkelt lærar med samtalar og rettleiing i etterkant. Dei har også testa ut nye måtar å undervise på, med både «live» videopodcast av førelesingar, og video-opptak av førelesingar gjort i studio.

  Auka læringsutbyte

– Det andre målet til prosjektet er auka læringsutbyte for studentane, fortel Bendiksen.

Dei har særleg hatt fokus på førsteårsstudentane, då desse ofte har vist seg å bruke tid på å setje seg inn i det nye fagfeltet.

Velkomstkurs på nett

Studentane som starta på det femårige masterstudiet i rettsvitskap i haust, kunne mellom anna nyte godt av eit digitalt velkomstkurs med video-førelesningar på nett alt før dei begynte. Her fikk dei info om studiet, kva som er venta av dei og innføring i grunnleggande metode.

– Slik vart dei nye studentane litt betre førebudde, dei visste alt litt om faget når det starta, og tanken er at læringsutbytet då blir større, forklarar Bendiksen.

Begynnerkollokvium

Prosjektgruppa til "Fyrtårnprosjektet": Frå v. Ingvild Stock-Jørgensen, Marit Nilsen, Kjersti Dahle, Joakim Staff, Ingrid Skjelmo, Lena Bendiksen, Kristine Korsnes og Elise Johansen. 

Førsteårsstudentane har også vorte tett følgde opp med begynnarkollokvium i små grupper alt før førelesningane begynte, for å førebu dei endå betre. Då har dei lært for eksempel kva rettskjelder er og korleis ein skal bruke lovsamlinga. Disse begynnarkollokvia går heile semesteret og fungerer som eit slag mentorordning og eit trygt, fast punkt for dei nye studentane.

Skrivetrening

I tillegg får dei ferske studentane ekstra god oppfølging når det gjeld skrivetrening. Dette har dei fokus på både i begynnarkollokvia og i seminarundervisninga.

– Har de sett noko teikn på at tiltaka har hatt ein god effekt?

- Det er litt tidlig å seia enno, sidan slike resultat er noko som tek tid å sjå. Men mange fleire førsteårsstudenter leverte i alle fall inn frivillige øvingsoppgåver i 2015, samanlikna med året før og det er jo eit godt signal, smiler Bendiksen. Ho fortel også at mange førsteårsstudentar har gitt positive tilbakemeldingar på velkomstkurset og at dei har følt seg godt tatt vare på då dei starta. 

Har spurt studentane til råds

I prosjektgruppa har det vore med både fagleg og administrativt tilsatte samt to studentar.

– Vi hatt god hjelp av studentane våre. Dei som er med i arbeidsgruppa tek veldig aktivt del med sine synspunkt. I tillegg har vi gjennomført ei stor spørjeundersøking til alle studentar med spørsmål om kva forbetringar dei kunne tenkt seg, kva dei ville ha likt å vite då dei var nye her og liknande. Det har vore veldig viktig for arbeidet og tiltaka som har vorte gjort, fortel Bendiksen. 

Spreier seg
– Prosjektet har slått rot og tankane spreier seg også til nye område, slår ein engasjert prosjektleiar fast. Nylig fekk fakultetet nemleg midlar til eit nytt prosjekt, denne gang for å endre og betra undervisningsmetodane i strafferett.

Her kan du besøke nettsida til prosjektet «Kompetanse og læringsutbytte».

Her kan du lese om UiTs fyrtårnmidlar og tildelinga Det juridiske fakultetet fekk i fjor. 

På Twitter   #norgesarktiske