Skal lære EU å forstå ustyrlege fiskarar

Eit av problema med EUs fiskeripolitikk er dette: Fiskarane i Unionen har ein eigen evne til å omgå reguleringane. Slikt blir det ny forskning av, også ved Universitetet i Tromsø.
Grytås, Gunnar
Publisert: 25.09.14 00:00 Oppdatert: 25.09.14 20:31

Her, ved Noregs Fiskerihøgskule, er forskar Melania Borit ansvarleg for å sy saman eit nytt prosjekt som er det Europa-kommisjonen meiner dei treng om dei skal få skikk på fiskeripolitikken. Difor har dei bevilga 2,7 millionar euro ( cirka 22,8 mill NOK) til eit nytt prosjekt som er eit samarbeid mellom seks universitet eller forskningsinstitusjonar i like mange land. To av desse; Noreg og Island er ikkje medlemmer av EU. To konsulentselskaper er også deltakere i prosjektet.

Tungt inne i EU

Frå før var, og er, NFH tungt involvert i EU-programma “EcoFishMan” som var avslutta i februar 2014, og “MareFrame” som starta opp samstundes. Det nye prosjektet har “Social Sience Aspects of Fisheries for the 21. Century” som overskrift. Som tittelen tyder på, byggjer dette delvis på tidlegare program. Det er likevel ein viktig forskjell. I dette prosjektet er det NFH og dei andre søkjarane som har definert spørsmåla, og søknaden var så god og relevant at EU no har vedteke å finansiere den.

Forvaltning eit stikkord

Stikkordet no som før er EU si fiskeriforvaltning. Det store problemet fram til no har vore fiskebestandar i nedgang, store problem med overfiske og ei økonomisk svak fiskerinæring i det meste av EU. Fleire forsøk på å reformere fiskeripolitikken har ikkje fungert godt nok. Slik Europa-kommisjonen ser det, er ei viktig årsak til dette at fiskarane i EU har for lite respekt for stadig nye reguleringar. “Tilpasninga” blir ofte at dei omgår regelverket på ulike kreative måtar, eller bryt nye lover og forskrifter.

EU slit framleis med å få fiskarane til å akseptere og rette seg etter reguleringane, men lukkast dårleg. Slikt blir det meir forskning av.

"Går rundt" reguleringane

-Dette har ofte katastrofale konsekvensar for ressursane, seier Europa-kommisjonen i grunngjevinga for det nye prosjektet. Dei erkjenner også behovet for meir kunnskap om kva som skal til for å “finstille” reguleringane på ein måte som fører til at dei blir respekterte og etterlevd mellom fiskarane og resten av næringa. Dette krev interfagleg samarbeid mellom fleire samfunnsfaglege disiplinar, intensivert forskning, målretta undervisning og byggjing av nettverk til styresmaktene, næringa og ulike organisasjonar som også har ein rolle i arbeidet med EU sin fiskeripolitikk.

NFH i førarsetet

Det nye programmet skal gå over fire år, og det er Melania Borit som skal være koordinator for samarbeidet. Ho har med seg Michaela Aschan som vitenskapeleg leier. Dei institusjonane NFH skal samarbeide med er Haskoli Islands og forskningsstiftelsen Matis Ohf på Island, Universitetet i Utrecht, Nederland, The Manchester Metropolitan University, Storbritannia, Centro Teknologico del Mar i Spania. I tillegg kjem også dei to konsulentselskapa Mapix Technologies Ltd i Storbritannia og Syntesa Partners & Assosiates i Danmark.

 

 

 

 

Grytås, Gunnar
Publisert: 25.09.14 00:00 Oppdatert: 25.09.14 20:31
Vi anbefaler