No kan du studere kunstvitskap på nett


Er du oppteken av det visuelle rundt oss, av form, farge og konstruksjonar? Eller er du rett og slett ein kunstelskar som alltid har hatt lyst til å kunne litt meir om kunst? No har du sjansen, uansett kor du bur - kunstvitskap har kome på nett!

Det er innføringsemnet i bachelorstudiet på kunstvitskap som no blir tilbode på nett. "Kunsten å se" heiter emnet, som er på 10 studiepoeng.

- Emnet tek føre seg både biletkunst og arkitektur, seier universitetslektor Hege Olaussen. Ho har ansvaret for emnet saman med førstamanuensis Elin Haugdal.

utan hovud
"Mr. and Mrs. Andrews without their heads" av Yinka Shonibare er eitt av kunstverka som skal analyserast i emnet "Kunsten å se". Foto/eigar: Yinka Shonibare

Læringssti med førelesingar og oppgåver

Emnet blir bygd opp som ein læringssti med åtte nettførelesingar, som kvar er på mellom 20 og 25 minutt.

I tillegg er det knytt arbeidskrav til emnet i form av spørsmål og oppgåver til førelesingane og pensum som studentane må løyse og levere inn i Fronter undervegs.

- Etter kvar førelesing må eitt kunstverk analyserast og sentrale begrep må drøftast. Og for å gå opp til eksamen må studentane ha levert inn eit visst antal av desse arbeidskrava, fortel Olaussen.

- Opplegget blir heilt og fullt digitalt. Me prøver ikkje å overføre klasseromsundervisning til nett - det blir på nettets premissar, lovar Olaussen.

Alle førelesingane vil vera sette saman av bilete - med ei lydfil i tillegg. Ingen stader vil ein kunne sjå ein snakkande førelesar.

- Det er jo det visuelle studiet handlar om - nemleg "kunsten å se", seier Olaussen.

Eksamen med lokal vri

Emnet har tre pensumbøker, der den eine av dei er utgangspunkt for dei åtte tematiske førelesingane. I tillegg er det ei bok som tek føre seg korleis ein analyserer som kunstvitar, og ei bok som tek føre seg korleis ein arbeider som kunstvitar.

Eksamen er lagt opp som ei semesteroppgåve med lokal empiri.

- Studentane skal arbeide med dokumentasjon av eit verk i sitt heimemiljø. Dei skal gjennom bilete og verbale skildringar byggje opp ein analyse som syner at dei har kunnskap om sentrale stiltrekk og kan bruke kunstvitskaplege fagbegrep.

ekskursjon
Kunstvitskapstudentar på ekskursjon til London med professor Svein Aamold i 2014. Foto: Marja Reibo Gundersen.

- Oppgåva skal arbeidast med gjennom semesteret, og studentane får grupperettleiing undervegs, seier Elin Haugdal

Ope for alle interesserte

Olaussen og Haugdal håpar det nye nettstudiet vil nå ei brei målgruppe med potensielle studentar.

- Emnet er ei innføring i kunstvitskap og såleis ein start for alle som vil studere vidare. Men me håpar også at andre, som lærarar i skuleverket og folk som på ulike vis arbeider med visuell kommunikasjon eller rett og slett er oppteken av kunst og arkitektur, vil kunne ha interesse av dette, seier Haugdal.

- Og ikkje minst ha mogelegheit til å følgje det fleksible opplegget som nettstudiet er. Dessutan håpar me jo at fleire av dei som tek emnet får lysten til studere vidare på bachelorprogrammet vårt.

- Det er verkeleg eit tilbod for alle, avsluttar dei.

Søknadsfristen er 1. juni. Meir info her.

På Twitter   #norgesarktiske