Utradisjonell praksis på Vitensenteret

Dei føregåande vekene har tromsøskolane vore fylte opp med lærarstudentar i praksis. Men Marte Skrivervik og Ingrid B. Wikeland har vore pedagogar på ein litt annan arena. Dei har hatt praksis på Nordnorsk vitensenter.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 26.02.14 00:00 Oppdatert: 26.02.14 16:30

Marte Skrivervik underviser elevar frå Workinnmarka i korleis dei kan byggje bruer. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Det har vore veldig artig og inspirerande! Men utfordringa ligg i at det ikkje berre blir show og sirkus, men at opplegget byggjer på gjeldande læreplan og dei kunnskapsmåla me har i skolen, seier dei to, som begge går på 4. året av lærarmasteren for 5. til 10. tinn.

Inspirert etter utveksling

Skrivervik og Wikeland var ikkje seine om å takke ja, då tilbodet kom til studentane om å ha praksisen sin på Vitensenteret. Begge har fordjuping i naturfag og matematikk i masterutdanninga si og såg dette som ei ny utfordring.

- Me har hatt mykje tradisjonell praksis i dei tre føregåande åra, så dette var spennande, seier Wikeland.

- Dessutan var me begge på utveksling til universitetet i Berkeley før jul, og der hadde me praksis i matematikk og såg og fekk prøve korleis det kunne gjerast på andre måtar.

Brukonstruksjonar, ornamentikk og verdsrommet

Dei har hatt tre ulike læringsopplegg for elevane; eitt om verdsrommet i planetariet, eitt om å byggje bruer i teknolabben og eitt om matematikk og ornamentikk. Første praksisveka fekk Wikeland og Skrivervik opplæring i korleis å bruke dei ulike instrumenta og hjelpemidla, og særleg i planetariet var det mykje å setja seg inn i.

Fornøgde brubyggjarar.

Andre veka var det elevundervisning frå tidleg til seint, med elevar på mellomtrinnet frå Bjerkaker, Borgtun, Hamna, Skjelnan, Stakkevollan og Workinnmarka.

- Og med to klassar i halvtanna timars bolkar kvar dag, har det vore intensivt også for oss, seier dei.

- Det var til dømes veldig artig når me saman med elevane ligg på det tolv meter store solteppet som fyller planetariet og plasserer dei 109 (!) jordklodane det er plass til på diameteren til sola, ler Ingrid.

Gjera, ikkje berre høyre

Kva er så den største skilnaden i å undervise på Vitensenteret i høve til eit vanleg klasserom?

- Hovudpoenget her ar jo at elevane skal gjera, ikkje berre høyre. Dei blir aktiviserte på ein annan måte, og me ser korleis fleire får vise litt anna type meistring enn i klasserommet. Og dei viser mykje glede!

Marte Skrivervik og Ingrid B. Wikeland er klare for skoleverket med ny inspirasjon frå Vitensenteret!

- Dessutan er det mykje meir teknologi og utstyr her, enn det som er vanleg på skolane rundt om. Det kan me ikkje rekne med å få tilgang til i vår seinare undervisning, men det har gjeve oss mykje inspirasjon til å laga eigne opplegg, seier dei optimistisk.

- I tillegg har Vitensenteret vore veldig flinke til å laga opplegg som passar for oss og den skolekvardagen me kjem til, avsluttar dei.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 26.02.14 00:00 Oppdatert: 26.02.14 16:30
Vi anbefaler