Open access-suksess

Universitetet i Tromsø sine open access-tidsskrift blir lasta ned oftare og oftare.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.12.12 00:00 Oppdatert: 10.12.12 13:15

- Open access-publisering breier om seg, utan tvil, også her på Universitetet i Tromsø,  seier Jan Erik Frantsvåg, rådgjevar ved Universitetsbiblioteket.  

- Me har vår eiga publiseringsteneste, Septentrio Academic Publishing, som gjev ut sju tidsskrift. Fire av dei, Nordlit, Nordlyd, Poljarnyj Vestnik og Borealis, er knytt til humaniora.

Rangifer - verdas einaste reindriftstidsskrift.

- I tillegg er skriftserien til Samisk senter open access-tidsskrift og Nordisk Tidsskrift for Helseforskning, eit samarbeid mellom Universitetet i Tromsø og Universitetet i Nordland.

- Og framfor alt har me Rangifer, som no har om lag 7800 fulltekstnedlastingar kvar månad, mot for tidlegare 250 papirutgåveabonnentar. Rangifer er eit tidsskrift om reindrift - og har med open access-publisering utvida det geografiske nedslagsfeltet sitt enormt.

- Det er omtrent berre i Sahara dei no ikkje les Rangifer, ler Frantsvåg.

7. Munin-konferansen

Fransvåg og kollegaene på UB var nyleg arrangørar av den 7. Munin-konferansen. Det er ein årleg konferanse om vitskapleg publisering, med ei "open access-tilnærming". Og i år stod open access-publisering særleg høgt på dagsordenern.

- I år hadde me 104 deltakarar frå 10 land - først og fremst forelggjarar og utgjevarar. Me skulle gjerne hatt fleire forskarar der også  - det er jo dei me andre er til for, oppmodar Frantsvåg.

Konferansen er ein møteplass for dei som arbeider med det som altså er eit stadig veksande felt - fritt tilgjengeleg vitskapleg produksjon.

Utviklinga i fulltekstnedlastingar per månad for fem av OA-tidsskrifta til Septentrio Academic Publishing. Kjelde: Jan Erik Frantsvåg.

- For tre år sidan var Public Library of Science (PLOS) den største kanalen i verda for OA-publisering. For to år sidan var dei den størst publisisten av alle - uansett kanal. Dei gjev ut 25.000 artiklar i året, fortel Frantsvåg.

- Det finst i dag om lag 10.000 OA-tidsskrift. Brorparten er på engelsk, men særleg dei mellomstore språka er på veg opp, som spansk og portugisisk. OA-publisering er relativt sett mykje viktigare i område som Latin-Amerika, Pakistan og India, Tyrkia - stader og språkområde som er på veg opp, seier Frantsvåg.

- 3.000 av desse er godkjende av publiseringsutvalet til universitets- og høgskolerådet, mellom 30 og 40 av dei er norske.

- Men sjølvsagt er heller ikkje alle open access-publiseringskanalar gode. 10 % av ordinære tidsskrift er nivå 2-publiersingskanalar, medan 1 % - ca 30 stk - av OA-tidsskrifta er på nivå 2. Men innan somme fag er det OA-tidsskrifta som er dei leiande. I bioinformatikk, til dømes, er ca 75 % av tidsskrifta på OA-plattform.

Framleis stort potensiale

Universitetet i Tromsø ligg langt framme i høve til dei andre norske universiteta når det gjeld OA-publisering, men me har stort betringspotensiale, i følgje Frantsvåg.

- Forskarane våre nyttar i aukande grad høvet til eigenarkivering gjennom Munin. Men der kan me bli mykje betre!

Jan Erik Frantvsåg meiner det er stort potensiale for open access-publiering ved UiT.

- Mange utgjevarar opnar for at ein kan leggje ut elektroniske kopiar av eigne artiklar. Alt forskaren treng å gjera, er å laste arbeidet opp i CRISTIN, så gjer me på Universitetsbiblioteket resten av arbeidet - både det teknsike og det med å sjekke rettane til arbeidet.

- Om lag 50 % av den vitskaplege publiseringa i universitets- og høgskulesektoren er det mogeleg å fritt leggje ut kopiar av, men berre 5 % blir faktisk lagt ut, seier Frantsvåg.

Lite brukt publiseringsfond

- Dessutan har me publiseringsfondet som forskarar kan søkje om støtte frå, til hjelp med publisering i kommersielle OA-tidsskrift.

- Til no er det særleg forskarar på realfaga og innan medisin - som publiserer på engelsk - som har nytta dette fondet.

- Sidan forskarar på humanistiske og samfunnsvitskaplege fag i stor grad publiserer i norsk- eller nordiskspråklege tidsskrift, der publisering er gratis, er det naturleg nok ein liten del av dette fondet som til no er vorte brukt av HSL-forskarar, fortel Frantsvåg, men som legg til at HSL-søknader difor blir sett på med svært blide auge.

- Det er alternativ. Til dømes har me det engelspråklege Social Sciences Directory som byggjer seg opp som eit stort samfunnsvitskapleg kommersielt publisist. Så det er berre å skrive - og søkje! avsluttar han.

 

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.12.12 00:00 Oppdatert: 10.12.12 13:15
Vi anbefaler