Pasientar brukar teknologi på varierande måtar

Pasientane brukar teknologien på fleire måtar enn det helsevesenet i utgangspunktet legg opp til. Det kjem det fram i sosiolog Hege K. Andreassen i si nye doktorgradsavhandling.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.10.11 00:00 Oppdatert: 26.10.11 12:33

Hege Andreassen2_sept2006.jpg
Hege K. Andreassen forskar på bruk av IKT
i helsevesenet. Foto: NST.

Andreassen er forskar ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin, og har i doktoravhandlinga "Patient-oriented ICT: Policy and practice" diskutert korleis IKT får tyding for kva for førestillingar me har om helse; korleis ein "gjer" helse og korleis ein "gjer" å vera pasient i dag. I kva grad er det samsvar mellom dei overordna politiske IKT-målsetjingane og den faktiske bruken?

Pasientar brukar IKT annleis

Andreassen har i avhandlinga utført to case-studiar der ei epostliknande kommunikasjonsløysing vart brukt mellom lege og pasient.

- Funna mine viser at det ikkje alltid er samsvar mellom forventa endringar og faktiske endringar når samhandlingsteknologi blir innført. I profesjonelle og politiske diskusjonar blir det lagt vekt på at pasientretta IKT kan fungere som ein kanal for informasjon til og frå pasientane. Såleis skal IKT kunne bidra til å realisere helsepolitiske ideal om involvering av pasienten og ”new public management” i helsesektoren, fortel Andreassen.

- I kvardagen forheld imidlertid pasientar seg til IKT på fleire måtar enn dette. Teknologien fungerer ikkje berre som ein nøytral formidlingskanal som pasientar kan plukke opp informasjon frå, bruken vil alltid inngå i sosiale praksisar. Såleis fungerer teknologien også som sikkerheitsline, skjold mot sjukeleggjering av kvardagslivet og som symbol på individuell helsekompetanse og merksemd frå helsesektoren, seier Andreassen.

- Når IKT blir innført i samhandling mellom pasientar og helsevesen skjer det difor mange ting på ein gong. Teknologien opnar for endringar og den bidrar til fleksibilitet i forholdet mellom pasient og helsevesenet.

Trur teknologien har stort potensiale, også i offentleg sektor

Bruk av ulike IKT-løysingar har på mange område i offentleg sektor ikkje teke av på same måte som i privat sektor. Når det gjeld reise og bank, til dømes, brukar me i stor grad personleg tilpassa IKT-løysingar heime i vår eiga stugu.

- Sjølv om dei politiske målsetjingane om kva ein skal oppnå og løyse med IKT-bruk ikkje alltid blir oppfylte, viser likevel den varierte bruken at det like mykje er eit spørsmål om kva ein ser etter, kva ein måler, når ein skal vurdere om IKT-løysingar er vellukka eller ikkje. Eg trur på sikt det er eit større potensiale i teknologien, der ein til dømes kan tilby tryggheit og omsorg i heimen, ikkje berre rein informasjon, avsluttar Andreassen.

Les meir om avhandlinga i Munin.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.10.11 00:00 Oppdatert: 26.10.11 12:33
Vi anbefaler