Fordelte 45 stipendiatstillingar

Styret for UiT fordelte torsdag 45 stipendiatstillingar til forskarskuler og forskingsprosjekt.

Bartnes, Asbjørn Ivar
Publisert: 19.11.10 10:00 Oppdatert: 19.11.10 15:02

Kvart år fordeler eller refordeler UiT stipendiat- og postdoktorstillingar. I statsbudsjettet for 2011 får ikkje UiT nye stillingar, så styret si handsaming av saka dreidde seg difor om refordeling av stillingar som allereie er til disposisjon.

Stillingane vart fordelte etter dei prinsippa som styret vedtok 14. oktober 2010 (sak S 38-10), som mellom anna sikrar at alle fakulteta får minst ei stilling. Prinsippet for fordeling av dei andre stillingane er einingane sin prosentdel av avlagte doktorgradar dei siste fem åra.

– Vi legg ei stilling i botn for kvart fakultet. Vi er i ein postfusjonfase, og då er det naudsynt å støtte dei einingane som ikkje har nådd å etablere seg innafor dei konkurransemekanismane som normalt gjeld når ressursar blir fordelte, seier rektor Jarle Aarbakke.

Stipendiatstillingane vart fordelte slik:

Det helsevitskapelege fakultetet:

  • Forskarlinjestudentar
  • Ein studie av intensivsjukepleiarar sin kompetanse
  • Whole genome sequencing analysis of the cold-water coral
  • Psychological and health consequences of dropout from upper secondary school in Troms county
  • The Role of Microparticles in the Pathogenesis of Venous Thromboembolism
  • Nordic diet, whole grains and colorectal cancer
  • Deciphering the signalling pathways defined by atypical MAP kinases ERK3 and ERK4
  • Samarbeid, samhandling og brukermedvirkning tjenestetilbudet til eldre som har demenssykdom. Innføring av individuell plan i to kommuner i samisk forvaltningsområde.
  • Host determinants for S.aureus nasal carriage
  • Brain mechanisms of pain and pain modulation

Det juridiske fakultetet:

  • Nordområderett
  • Rettsvitskap (2 stillingar)

Det kunstfaglege fakultetet:

  • Kunstnarisk dokumentasjon

Fakultetet for biologi, fiskeri og økonomi:

  • Linking science and commerce
  • Vertical export of aggregates and small cells in changing Arctic marine systems
  • Immunresponser mot ILA-virus hos laks
  • Cross-border cooperation and competition in the North. Design, implementation and interpretation of computerized economic experiments
  • Mechanisms underlying the protective hypoxia-induced shut-down of neuronal avtivity in brains of diving birds and mammals
  • MabCent SFI (3 stillingar)

Fakultetet for humanoria, samfunnsvitskap og lærarutdanning:

  • Post-War Processes: Disarmament, Demobilization and Reintegration and Economic Recovery
  • Border Culture Research Project
  • Indegeneity Across Boundaries
  • Språkpolitikk og språkplanlegging i tre kulturar
  • Teoretisk/eksperimentell lingvistikk
  • Arktiske diskursar
  • Steder, mobilitetar og forankringar
  • Forsking på studiekvalitet knytt til fleksibilisering av ordinær campus-undervisning og desentralisert utdanning
  • NATED – Nasjonal forskarskule (vertsinstitusjon UiO)
  • NAFOL – Nasjonal forskarskule (vertsinstitusjon NTNU)
  • Filosofi og idéhistorie (2 stillingar)
  • Førskolelærarutdanninga

Fakultetet for naturvitskap og teknologi:

  • Materials for dye-sensitized solar cells
  • Energi
  • Bioinformatikk
  • Matroids, graphs, codes and cryptology
  • Structural Biology (BioStruct) (nasjonal forskarskule) (2 stillingar)
  • ResClim (Nasjonal forskarskule, vertsinstitusjon UiB)
  • Fysikk – innafor feltet fornybar og miljøvenleg energi

Tromsø Museum – Universitetsmuseet:

  • Biosystematikk

 

Bartnes, Asbjørn Ivar
Publisert: 19.11.10 10:00 Oppdatert: 19.11.10 15:02