Oppmelding til seminargruppe

Seminarundervisinga er obligatorisk. Derfor er det viktig å melde deg opp før fyrste seminar, måndag 21. august. Ved for sein påmelding og for stort fråvær, får du ikkje ta eksamen. Merk at fristen for seminarpåmeldinga er langt tidlegare enn siste frist for semester- og eksamensregistrering. Seminarpåmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i Sjekklista.

Treng du hjelp til å melde deg på ei seminargruppe?

Vi hjelper deg 15. august kl. 11.00-13.00 i rom 1.519, Teorifagbygget Hus 1, 5. etasje (samme bygg som Teorifagskantina).


Kva gruppe?

Dei ulike seminargruppene er retta mot ulike fagområde og tilpassa andre emne innan dei ulike studieprogramma slik at ein skal unngå kollisjonar i undervisinga og ved eksamen. Men tilknyting til ei bestemt gruppe skaper inga binding for det vidare studiet. Det er for eksempel mogleg å studere naturvitskaplege fag sjølv om ein har tatt ex.phil. retta mot humanistiske fag, eller omvendt. Dersom gruppene blir fullteikna, kan det bli oppretta ekstragrupper. Blir det for få studentar, kan grupper bli slått saman. Det er vanskeleg å bytte gruppe etter at ein har meldt seg på. Det må i så fall avklarast med administrasjonen på Institutt for filosofi og førstesemesterstudie – ikkje med seminarlærarane. Du skal følgje den same gruppa som du melder deg på, gjennom heile semesteret. Meld deg opp til ei gruppe som passer til studieprogrammet du går på. Her er ei oversikt over dei ulike gruppetypane og kven dei er tiltenkte:

  • HS-gruppene: studentar ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.
  • J-gruppene: kun jusstudentar.
  • M-gruppene: kun medisin- og odontologistudentar.
  • NT-gruppene: studentar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt studentar på akvakultur, fiskehelse og marin bioteknologi ved Institutt for arktisk og marin bioteknologi.
  • PS-gruppene: psykologistudentar.

Tid og stad for gruppene

Humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning

Gruppe Dag Tid Rom
HS-1 Torsdag 1015-1200 1.313
HS-2 Torsdag 1015-1200 1.333
HS-3 Torsdag 1215-1400 1.313
HS-4 Torsdag 1215-1400 1.333

Juss

Gruppe Dag Tid Rom
J-70 Måndag 0815-1000 1.313
J-71 Måndag 1015-1200 1.313
J-72 Tysdag 0815-1000 1.313
J-73 Tysdag 0815-1000 1.333
J-74 Torsdag 0815-1000 1.313
J-75 Torsdag 0815-1000 1.333

Medisin og odontologi

Gruppe Dag Tid Rom
M-91 Fredag 0815-1000 1.313
M-92 Fredag 0815-1000 1.333
M-93 Fredag 0815-1000 1.317
M-94 Fredag 1015-1200 1.313
M-95 Fredag 1015-1200 1.333
M-96 Fredag 1215-1400 1.313
M-97 Fredag 1215-1400 1.333

Naturvitskap og teknologi

Gruppe Dag Tid Rom
NT-81 Onsdag 0815-1000 1.313
NT-82 Onsdag 0815-1000 1.333
NT-83 Onsdag 1015-1200 1.313
NT-84 Onsdag 1015-1200 1.333
NT-85 Onsdag 1015-1200 1.323

Psykologi

Gruppe Dag Tid Rom
PS-31 Tysdag 1015-1200 1.313
PS-32 Tysdag 1015-1200 1.333
PS-33 Tysdag 1215-1400 1.313
PS-34 Tysdag 1215-1400 1.333


Pensum (for alle unntatt jusstudentar) 

Pensum for jusstudentar


Du kan kjøpe pensum hjå Akademika.


Viktige datoar

Frist for å melde seg på seminargruppe: 21. august
Oppstart seminargrupper veke 34
Siste obligatoriske seminar veke 44
Frist for semesteroppgåva veke 46 (tysdag 14. november innan kl.13.00)
Munnleg eksamen

M/NT/F-grupper: veke 47

HSL/PS/J-grupper: veke 48


Nærmare informasjon om semesteroppgåva og munnleg eksamen gjes i seminara og via Canvas.


Canvas

Canvas er ein arbeidsreiskap som seminarlæraren vil bruke aktivt gjennom heile studiet for å informere om tidsfristar, publisere oppgåvene til dei ulike seminara med meir. Derfor må du heile tida oppdatere deg på Canvas-rommet.

Når du har meldt deg på ei seminargruppe, får du tilgang til Canvas-rommet for gruppa. Ytterligare informasjon om kurset finn du på "Heim" (forsida) i Canvas og i "Emneinformasjon" under "Modular". Sjå på denne informasjonen før det første seminaret.

Undervising

Undervisinga består av videoførelesingar som ligg på Canvas og seminargrupper. Seminarundervisinga består av:

  • Ni obligatoriske seminarer
  • Ei obligatorisk innlevering
  • Ei valfri fellesrettleiing for semesteroppgåva
  • Eit valfritt oppsummeringsseminar

Du må ha sju av ti godkjente obligatoriske aktiviteter for å få lov til å ta eksamen.

Til kvart seminar legg seminarleiar ut oppgåver. Det er venta at du stiller førebudd til kvart seminar. 

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve og ein munnleg eksamen. De får meir informasjon om dette av seminarleiar og i Canvas.