Inviterer til gratiskonsert
Alle tilsette og studentar blir inviterte til konsert med UArctic World Ensemble (UWE). Kva har vi som bur og lever i Arktis i dag til felles?
UWE er eit samarbeidsprosjekt innanfor ramma av University of the Arctic. Initiativet kom frå Musikkonservatoriet ved UiT, og samarbeidet omfattar i dag studentar og tilsette ved kunstfaglege institusjonar i Russland, Canada, Skottland og USA.
- Ein brukar element frå urfolksmusikk, folkemusikk, jazz og klassisk i ei blanding av alle uttrykka. Ensemblet har dansarar frå Jakutsk i Aust-Sibir, som saman med bilde og film gjev visuelt liv til det musikalske landskapet, seier Øyvind Bakkeby Moe frå produsenten av turneen, Arctic Vibe AS
Bilde, dans, strupesong og musikk
Prosjektet ønskjer å bruke kultur- og kunstforme frå den arktiske verda der ein søkjer å finne det cirkumpolare menneskets uttrykk.
- Dei søkjer å utvikle samarbeidet frå heile det cirkumpolare Arktis, der dei brukar teknologi kombinert med muskarar og dansarar sine bidrag i ein spennande og heilskapleg framsyning. I tillegg til dei medverkande på scena, er det mellom anna korsong frå Canada og strupesong frå inuittar basert på tradisjon frå det nordlege Grønland som bidrar i framsyninga, seier Bakkeby Moe.
I samband med 50-årsjubileet er alle tilsette og studentar ved UiT er velkomne til konsert med UArctic World Ensemble. Framsyninga er gratis og spelar desse stadene:
Bardufoss, Istindportalen: 13. november. kl. 19.00
Narvik Kulturhus, Mørkholla: 14. november, kl. 18.00
Harstad Kulturhus, Lillescenen: 15. november, kl. 18.00
Alta, City Scene: 16. november, kl. 14.00
Tromsø, Tvibit: 17. november, kl. 13.00
Komposisjonar og arrangement: Ragnar Rasmussen og Fred Glesnes
Saksofon: Fred Glesnes
Tangentar: Ragnar Rasmussen
Perkusjon: Martin Lien
Vokal: Berit Solset
Dansarar: Anastasia Sidorova og Sergeiy Neustroev
Lyd: Arild Johnsen
Lys: Joona-Kristian Pietari Hautamäki