Semesterstart: Klare for fem år med argumentasjon, kritisk tenking – og friluftsliv

Kvifor valde studantane som dei gjorde? Medan studentane Amalie og Karoline valde Tromsø som studiestad fordi det var nær heime, ville Hilde hit fordi det var spennande å dra langt heimanfrå. Og er jusstudiet noko for idealistar, eigentleg?
Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 17.08.17 00:00 Oppdatert: 02.12.17 13:36
Tromsø

Faddere fra 2. året på juss er veldig klare til å ta imot de ferske jusstudentene med en hel ukes program under Fadderuka. Foto: Trude Haugseth Moe

Labyrinten ved UiT, rett før årets opning av studieåret. Bak den hoiande flokken av fadrar med «I love Jus»-T-skjorter i Labyrinten, står tre litt meir lågmælte, ferske jusstudentar.

Amalie Wingstad, Karoline Grønvoll og Hilde Ødegård hadde forskjellige grunner til å velge Tromsø som studiested. Foto: Trude Haugseth Moe

Amalie, Karoline og Hilde har ganske ulike grunnar for valet om å starte på ei femårig integrert masterutdanning i rettsvitskap ved UiT.  

Mens Amalie og Karoline valde Tromsø som studiestad for si jussutdanning fordi det var nær heime, ville Hilde hit fordi det var langt heimanfrå.

Vil prøve Nord-Norge

– Det er ei fin måte å prøve å prøve å bu i Nord-Noreg på – langt frå Oslo, smiler Hilde Ødegård frå Enebakk utanfor Oslo.

Det spela også inn at Hilde hadde høyrt mye bra om jusstudiet i Tromsø frå tidlegare studentar og via nett. Ho er ikkje helt sikker på kva ho skal bruke utdanninga til, men meiner studiet er ein god start, sidan det er så mange ulike jobber ein kan få med det.

– Det er ei tyngre utdanning, som kan være god å ha i den usikre arbeidsmarknaden som er no, meiner Hilde.

Trygt og godt

Amalie Wingstad frå Bardufoss derimot, valde Tromsø som studiestad fordi det var nær heime.

– Det kjendest som eit trygt og godt val å vere så nær heime, og i ein by jeg kjenner godt, smiler Amalie.

Karoline Grønvoll, som også er frå Bardufoss er eing. Også ho valde jusstudiet i Tromsø fordi det var nær heime.

– Men akkurat jusstudiet tok eg fordi eg er så interessert i strafferett. Det er veldig interessant, og eg likar å argumentere, fortel førsteårsstudenten.

Kan forsvinne i naturen

Ny jusstudent Ole Gjefsen mener lovene ofte ikke beskytter de svakeste, og ønsker å gjøre noe med det. Det er å se kritisk på systemet er helt i tråd med hva dekan Trude Haugli fortalte om jusstudiet i sin velkomssttale til de nye jusstudentene. Foto: T. H. Moe

I køen til sørvistorget på Jurfak møter vi Ole Gjefsen frå Bærum i Oslo. Også han ville prøve noko anna enn Oslo.

– Eg var klar for å komme meg vekk frå Oslo. Eg hadde eigentleg Bergen på førstevalg, men er veldig glad for å komme til Tromsø. Då eg gjekk av flyet tenkte jg bare "nydelig!" og "herlig!"  fortel Ole. Han er friluftsinteressert og seier at han gler seg til å ta i bruk alle alternativa som byr seg fram i nord.  

– Her kan ein forsvinne ut i naturen og berre leve! sier Ole fornøyd.

Idealist

Grunnen til at faget vart juss, var idealistisk motivert.

– Det vert sagt at det er vanskelig å vere både idealist og jurist – at det er vanskeleg å få gjort ein forskjell –

men det får så vere. Jeg meiner at lovene ofte ikkje beskyttar dei svakeste som dei skal, sier Ole.

Må tenkje kritisk

Å stille spørsmål ved om systemet fungerer som det skal, er slett ikkje eit dumt utgangspunkt ved starten av eit langt studium, om ein skal tru både UiT-rektor Anne Husebekk og jussdekan Trude Haugli. Begge omtala evna til kritisk tenking som svært viktig i sine velkomsttalar til dei nye studentane ved semesterstart.

Haugli sa i sin tale at mange trur juss handlar om å finne «den rette» lovformelen til ei sak. Men i juss finst dessverre ingen fasit, kunne dekanen avsløre. Tvert imot kan fleire svar vere rette. 

Fullsatt Aud 3 på velkomstmøtet til de nye jusstudentene Foto: T. H. Moe

– Det handlar heller om å få kunnskapen til å stille dei rette spørsmåla. Ein må kunne sjå med eit kritisk blikk; sjå manglane i rettssamfunnet, sa dekan Trude Haugli til eit Auditorium 3 fullsett av ferske og spente jusstudentar.

 

Marie Skonseng, Guro Hauan og Martine Persen, er faddere under Fadderuka i år. Det er en tradisjon ved Det juridiske fakultet, at 2. årsstudentene «tar seg av» de nye studentene, slik de selv ble tatt imot da de var nye. I tillegg til å delta på UiTs felles DebutUKA- program, lager jusstudentene egne arrangementer for de nye studentene ved Jurfak. - Vi er med på dette fordi Fadderuka var så viktig for oss da vi kom hit i fjor! Vi havnet på samme faddergruppe og har holdt sammen siden, ler de, mens de spent venter på sine «egne» fadderbarn. Foto: Trude Haugseth Moe

 

Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 17.08.17 00:00 Oppdatert: 02.12.17 13:36
Tromsø
Vi anbefaler