Arbeidsveke for NFH-studentar gav meirsmak og motivasjon

Saman med 15 andre NFH-studentar starta Birte Richardsen og Ceselia Høyvik Rokne det tredje studieåret med ei arbeidsveke i næringa. Det gav meirsmak på jobbane og motivasjon for å studere vidare.
Solhaug, Randi Merete
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Tekst: Gunnar Grytås
Publisert: 16.09.15 00:00 Oppdatert: 16.09.15 08:58

Etter ei vekes praksis ute i næringa er Ceselia Høyvik Rokne (t.v) og Birte Richardsen klar for meir innsats på lesesalen i det nye studieåret. Seinare i år ventar to nye veker hos Lerøy Aurora og Norges Råfisklag, som begge ser fram til. Foto: Gunnar Grytås

– Ein fin start på eit nytt studieår, er konklusjonen deira.

Både hos Norges Råfisklag og Lerøy Aurora meiner dei to jentene at dei fekk bruk for det dei hadde lært, og at arbeidsgjevarene likte at dei kunne bidra aktivt i diskusjonar, møte og praktisk arbeid.

– Vi vart godt mottekne, og fekk delta på lik linje med dei andre tilsette i arbeidet. Det vart forventa at vi skulle bidra med fagleg kunnskap. Å møte arbeidslivet ute i næringa på denne måten var ei kjærkomen avveksling frå kvardagen som studentar, sjøl om det å delta på tokt og ekskursjonar også gjev variasjon, fortel det to studentane.

Visningsanlegg og Facebook

Hos Lerøy Aurora på Skjervøy vart Ceselia Høyvik Rokne kobla til arbeidet med å planleggje det nye visningsanlegget der turistar og andre grupper med interesse og behov for meir kunnskap om lakseoppdrett skal bli godt mottekne. Ho skal jobbe meir med dette prosjektet i dei to neste praksisvekene i haust, mellom anna ved å delta på ein studietur til andre visningsanlegg som fleire av dei større lakseselskapa har etablert.

Når Norges Råfisklag skal på Facebook må det gjerast skikkeleg, og her fekk Birte Richardsen bruk for kunnskapen både om fiskerinæringa og den nye informasjonsteknologien. Seinare i haust skal ho vere med på laget sitt kontrollarbeid rundt om i fiskeværa. Etter historiene ho har høyrt, reknar ho med at det også blir lærerikt.

Sigurd Lerengen Grønli lærde mykje om kvalitetsarbeid industrien i praksisveka hos Brødrene Karlsen på Husøy. Foto: Randi Karlsen, NFH

Fornøgde studentar

I haust er det første gong at Noregs Fiskerihøgskule sender fiskeri-og havbruksstudentane ut i tre vekers praksis gjennom eit partnerskap med næringa. Her er det totalt 31 verksemder, både frå privat og offentleg sektor som har inngått avtaler ned NFH om å ta imot studentar på denne måten.

Dei private selskapa driv både fiske, produksjon og oppdrett. I tillegg kjem forskningsselskap, forvaltning, organisasjonar og vidaregåande skular med linjer for hausting av den blå åkeren.

Etter at studentane nyleg kom tilbake frå den første veka, er det Birte og Ceselia sitt inntrykk at alle har likt seg godt der dei hamna, men at arbeidsoppgåvene ute i næringa er endå meir varierte enn dei trudde.

Sjå også: – Vi er sjømatnæringas fremtidige superhelter

Vil hindre fråfall

Det same inntrykket har Ingrid Hovda Lien, rådgjevar ved NFH og koordinator for «u-Fisk»-prosjektet som skal utvikle utdanninga av fiskeri- og havbrukskandidatar i takt med endringar både i studentmassen og næringa. Her var det lenge eit krav om praksis frå fiskerinæringa for å bli oppteken som NFH-student.

No kjem dei fleste studentane rett frå vidaregåande skule og startar opp utan praksis og kanskje også mindre innsikt i kva næringa kan tilby dei av arbeid og karrierestigar. Truleg er dette ei viktig årsak til at mange studentar hoppar av før tre år er gått. Av dei 50-60 studentane som starta saman med Birte og Ceselia, har cirka halvparten falle frå.

– Vi trur ei årsak til dette kan vere at mange studentar ikkje har sett at kursa våre har stor relevans for oppgåvene som ventar ute i næringa, og difor er det gledeleg at dei som no kjem tilbake frå den første praksisveka har sett korleis denne kunnskapen kjem til nytte. I tillegg ser vi at bedriftene vi har partnerskap med prøver å leggje til rette for at praksistida skal bli positiv og verdifull for studentane, seier Ingrid Hovda Lien.

Solhaug, Randi Merete
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Tekst: Gunnar Grytås
Publisert: 16.09.15 00:00 Oppdatert: 16.09.15 08:58
Vi anbefaler