«Å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel – ei gåtefull reise»

Ergoterapeut og medlem i Forskingsgruppe for helse- og omsorgstenester i kommunane/Senter for omsorgsforsking Nord, Astrid Gramstad, disputerte for doktorgraden fredag 26 september. Ho er den andre ergoterapeuten som har disputert ved UiT.
Fottland, Anne Serine
Publisert: 14.10.14 00:00 Oppdatert: 25.10.14 12:22

I forkant av disputasen gjennomførte ho ei prøveførelesing med tittelen «I hvilken betydning, hvor og hvordan, kan et begrep om meninig gis en større plass i praksis i helsetjenestene?» Her argumenterte ho for meir merksemd mot kommunehelsetenestene i det helsepolitiske landskapet, samt ei tyngre vektlegging av brukarerfaringar og deira kontekstar. Prøveførelesinga vart godkjend av kommisjonen, og dimed kunne PhD avhandlinga forsvarast i disputas den same fredagen.

Tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi til eldre er viktige verkemiddel for at eldre skal kunne bu i eigen heim så lenge som mogleg. Likevel veit ein likevel lite om eldre sine erfaringar med formidling og bruk av hjelpemiddel. PhD avhandlinga «Å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel – ei gåtefull reise» undersøkte nettopp desse prosessane. Avhandlinga løfta fram eit perspektiv på eldre som kreative, problemløysande og aktive aktørar i eigne livsprosjekt. Eit sentralt resultat var at det å definere vanskar med å handtere daglege aktivitetar som eit behov for hjelpemiddel, ikkje er ein enkel og liketil prosedyre. Å finne ut av og bestemme seg for å søkje om hjelpemiddel var i staden ein utfordrande, langvarig og sosial prosess. Avhandlinga impliserer at helsepersonell som skal bistå personar som erfarar vanskar med daglege aktivitetar og søkjer om hjelpemiddel, må vere klientsentrerte og klar over at hjelpemiddelformidlinga er ein dynamisk prosess som kan innebere overraskelsar for brukaren. Ein annan implikasjon av dette arbeidet var at helsepersonell må ha eit blikk for fleire av dei kontekstane som brukaren deltek i, for å optimalisere hjelpemiddelformidlinga og bruken av hjelpemiddelet.

Den tre timar lange disputasen sentrerte om teoretiske perspektiv i arbeidet og moglege utfordringar og moglegheiter som desse bar i seg. Særleg vart kritisk psykologi drøfta inngåande. Kandidaten og opponentane diskuterte òg metodologi, metode samt betydninga av fleire av resultata i avhandlinga.

Ergoterapeut og PhD Astrid Gramstad har vore veileda av professor Torunn Hamran og førsteamanuensis Sissel Lisa Storli, alle frå Institutt for helse- og sosialfag. Bedømmelseskomitéen besto av seniorforskar og PhD Tove Borg, Århus universitet i Danmark, professor Frode Fadnes Jacobsen, høgskulen i Bergen samt førsteamanuensis Siri Moe,  Institutt for helse- og sosialfag, UiT Noregs arktiske komité.

Fottland, Anne Serine
Publisert: 14.10.14 00:00 Oppdatert: 25.10.14 12:22
Vi anbefaler