Emnekode: NOR-2043

Språk og tekst i sosiale medium

Søk mellom 1. november og 6. januar
Studiested Tromsø
Semester / år Vår 2015
Studiepoeng 10

Om emnet

Emnet kan takast som enkeltemne og er valfritt fordjupingsemne i studieretning i nordisk i bachelorgradsprogram i språk og litteratur og i lektorutdanning trinn 8 - 13.

Kurset tek opp språklege praksisar i sosiale medium forstått som «nettbaserte tjenester som legger til rette for mange-til-mange-kommunikasjon og hvor innholdet i stor grad skapes av brukerne selv» (http://snl.no/Sosiale_medier), og kurset set dette inn i teoretiske rammar for tilhøvet mellom tale- og skriftspråk. Kurset vil òg ta opp fenomenet `digital litteratur¿ og rette fokus mot innhaldssida ved digitale tekstar og dei litterære særmerka deira.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - Enkeltemne (ikkje realfag), lågare grad.

Hva lærer du

Etter greidd emne skal studentane ha oppnådd følgjande læringsresultat

Kunnskapar og forståing:

  • kunnskap om kjennemerke ved skriftleg språkføring i ulike former for sosiale medium.
  • forstå korleis språket i sosiale medium liknar og skil seg både frå andre skriftspråklege tekstar og frå munnleg språkbruk.
  • kunnskap om digital litteratur og kva som skil denne typen litteratur frå andre litterære uttrykksformer.

 

Ferdigheiter:

  • vere i stand til å kjenne att og analysere sentrale kjennemerke på språkbruken i ulike typar sosiale medium i lys av allmenne teoriar om språkbruk.
  • utvikle tankar omkring pedagogiske utfordringar og moglegheiter knytt til språk i sosiale medium.
  • kunne drøfte innhaldsformidlinga i tekstar skrivne for sosiale medium, og peike på bruken av litterære virkemiddel i slike tekstar.

Forkunnskapskrav

Undervisning og pensum

I alt 26 undervisningstimar med førelesingar/seminar med førebudde studentframlegg.

Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet ein 3-årsperiode på bachelorgradsnivå. Programstyret avgjer kva studieretning som skal evalueras kvart år, og kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk.

Eksamensspråk: norsk, bokmål eller nynorsk

Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Pensum

Publiseres i desember.

Søknadsfrist

1. juni for emner som går i haustsemesteret. 1. desember for emner som går i vårsemesteret.

Eksamen

Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

  • presentere temaet for blogginnlegget (semesteroppgåva) skriftleg og elektronisk på ein nettstad for kurset, og
  • gi ein skriftleg og elektronisk kommentar på ein slik presentasjon frå ein medstudent. Arbeidskrava skal gjennomførast om lag halvvegs i semesteret og blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
     

Vurderingsform:

  • Semesteroppgåve i form av blogginnlegg på 5000-7000 ord med sjølvvalt emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret og publiserast elektronisk på tilvist nettstad innan fastsett frist. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva.

Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.

Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd¿.


Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Kontinuasjonseksamen vert arrangert så snart som mogleg etter ordinær eksamen og normalt seinast 15. februar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.

Error rendering component

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for språkvitenskap
Trine-Lise-Larsen-Bredde-180px-
Seniorrådgiver
trine.lise.larsen@uit.no
Author image
Professor
oystein.vangsnes@uit.no
Author image
Professor
linda.nesby@uit.no
Author image
Førsteamanuensis
ase.mette.johansen@uit.no