Noreg er ein viktig premissleverandør for EUs arktiske politikk
- I EUs arktiske og maritime politikk har Noreg heilt klart lukkast med å vera ein viktig premissleverandør.
Det seier statsvitar Njord Wegge, som nyleg disputerte på avhandlinga si om forholdet mellom EU og Noreg i nordområda.
Njord Wegge disputerte nyleg på avhandlinga "Norway: Small State, Arctic and Maritime Great Power? The Relationship between Norway and the EU in the High North. Foto: Fridtjof Nansen institutt |
- Det norske synet om at havretten er eit tilstrekkjeleg og godt nok utvikla lovverk for Arktis - også for EU - har nåddefram, og EU har difor ikkje laga noko nytt lovverk for havområda rundt sine land, fortel Wegge.
- Dette er ein siger for Noreg - og i dette tilfellet ser det ikkje ut til å ha hatt noko å seia at me står utanfor EU. Noreg har vore aktiv på dette området, og Brüssel søkte norsk fagkompetanse i sitt arbeid.
Arktisk stormakt?
Dei siste tjue åra har Nordområda og Arktis gått frå å vera noko svært få interesserte seg for, til no å vera også på den globale dagsordenen. Det handlar om klimaendringar og issmelting, men også om geopolitikk og "the scramble for the Arctic".
- Den norske nordområdesatsinga var og er såleis i tida, men den kom også veldig tidleg innanfor det som no er vorte eit internasjonalt viktig interesseområde..
- I det store og det heile snakkar Noreg same språket som dei nordiske EU-landa, og det er ingen tvil om at Noreg er med og set agendaen i Arktis - også for EUs politikk.
- Kan me kalle Noreg ei arktisk stormakt?
- Russland er sjølvsagt større og viktigare - USA også - men saman med Canada, og særleg Danmark og Grønland er Noreg ei svært viktig stemme og ein betydeleg aktør, særleg grunna satsinga vår på kunnskap og forsking i og på Nordområda. Så eg vil seia ja, arktisk stormakt er ei treffande nemning.
Mislukkast med selfangsten
Men dei norske standpunkta i arktisk maritime spørsmål har ikkje nådd fram på alle område.
- EU har no forbode handel med selprodukt i fellesmarknaden, så i selfangstspørsmålet har Noreg mislukkast, seier han.
Noreg greidde å nå fram med sine vitskaplege bevis for at selfangsten var utført på ein human og bærekraftig måte til EU-kommisjonen, men nådde ikkje fram i EU-parlamentet.
- Parlamentsmedlemene har ikkje same fagkunnskapen som kommisjonen, men sidan parlamentsmedlemene vil bli attvalde og representerer veljargrupper der 90 % er mot selfangst, så har dei ingenting å miste på å stemme mot i ei sak som er så emosjonell for mange, seier Wegge.
Det demokratiske underskotet i EU har vore eitt av dei sentrale argumenta for den norske nei-sida i spørsmålet om norsk EU-medlemskap. Men i sel-saka er det nettopp det demokratisk valde EU-parlamentet - som i dei seinare åra har fått meir makt ved å bli likestilt med EU-kommisjonen - som har gått mot dei norske standpunkta og fått siste ord i saka. Så langt.
Noreg og Canada har no retta søksmål mot EU og lagt saka fram for verdas handelsorganisasjon (WTO).
- Derifrå kjem det til å koma ei avgjerd - men det kan ta år, avsluttar Wegge.