Grenseforsking for 68 millionar kroner
Korleis oppfattar me grenser, og korleis har omgrepa våre om grenser utvikla seg i Europa etter Berlinmurens fall i 1989? Dette skal forskarar i Tromsø vera med å finne ut i det store samarbeidsprosjektet EUBORDERSCAPES, finansiert innanfor EUs 7. rammeprogram.
Litteraturvitskaplege bidrag under oppstartsseminaret i Berlin. UiT-deltakarar Johan Schimanski, Stephen Wolfe og Holger Pötzsch saman med samarbeidspartnar Jopi Nyman frå Joensuu i Finland. Foto: Anne-Laure Amilhat Szary. |
- Målet er å utforske korleis nye omgrep om grenser fungerer innanfor politikk og samfunnsliv. Det unike med dette prosjektet er at samfunnsvitarar av ulike slag arbeider saman med forskarar innanfor humanoria, fortel ein av tromsøforskarane, litteraturvitar Johan Schimanski.
Oppstart i Berlin
Saman med Stephen Wolfe frå engelsk litteraturvitskap og Holger Pötzsch frå dokumentasjonsvitskap var han nyleg i Berlin kor prosjektet hadde sitt første arbeidsseminar.
- Det blir veldig interessant å forske saman med historikarane og samfunnsvitarane. Me må forstå kvarandre, og å både jobbe med kjelder og tekstanalyse samstundes er spennande og utfordrande, seier Schimanski.
- Men me hadde eit svært godt oppstartsmøte og vart kjende med dei me skal samarbeide med i de neste fire åra. Fin stad å ha møtet også; i eit lite hotell i Kreuzberg, rett ved der Berlinmuren ein gong gjekk.
Prosjektet handlar på endringar i forståinga vår av grenser, særleg etter 1989. Oppstartsmøtet var rett ved der Berlinmuren ein gong gjekk. Foto: Johan Schimanski |
Border Aesthetics
Forskarar i allmenn og engelsk litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø har i lang tid utvikla kompetanse i forsking rundt kultur og grenser, særleg innanfor forskingsprosjektet Border Aesthetics. Dei fekk i fjor formidlingsprisen ved HSL-fakultetet og skal koordinere delprosjektet som handlar om grensekryssingar og kulturproduksjon.
- Me skal arbeide med både romanar og film om migrantar, med populærkunst og profesjonell kunst. Fleire av deltakarane er som oss - frå utsida av EU, som Israel og Russland, seier Schimanski.
Største grenseforskingsprosjekt
- EUBORDERSCAPES er det første EU-rammeprogramprosjektet med deltaking frå HSL-fakultetet. Me er difor svært spente på å lære om korleis EU-prosjekt av denne storleiken fungerer i praksis, seier Schimanski.
Korridordiskusjon om kunst og grenser. Johan Schimanski og Stephen Wolfe saman med samarbeidspartnarar Henk van Houtum frå Nijmegen i Nederland og Anne-Laure Amilhat Szary frå Grenoble i Frankrike. Foto: Georgie Wemyss |
Karelia-instituttet ved Universitetet i Aust-Finland er hovudkoordinator for det fireårige prosjektet, som samlar forskarar ved 20 universitet og forskingsinstitutt i 18 europeiske land. Det samla budsjettet er på 68 millioner kroner.
- EU vil at prosjektet skal ha funksjon og relevans for samfunnet og vil ha nye framlegg til korleis å tenkje grenser innanfor dei utfordringane me står overfor; kulturelt og økonomisk, i naboskap og i konflikthandsaming.
- Det er det største forskingsprosjektet om grenser nokonsinne, avsluttar Schimanksi.