UiT eksaminerer kandidatar i Bamako
Samarbeidet mellom Visuelle kulturstudium ved Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bamako, Mali, ber frukter. Førre veka gjekk tre kandidatar i Bamako opp til mastereksamen med sine eigenproduserte filmar.
- Samarbeidsprosjektet er finansiert gjennom ACE-midlar frå Senter for internasjonalisering av utdanning, fortel Trond Waage, førsteamanuensis ved Visuelle kulturstudium (VKS).
Han er, saman med professor Lisbet Holtedahl, i Bamako for å jobbe fram nye forskingssøknader og for å uteksaminere dei nemnde studentane.
Eksamenskommisjonen framom ein fullsett sal eksaminerer ein av kandidatane i Bamako. Foto: Visuelle kulturstudium |
Variert filmproduksjon
- Dei tre studentane har laga 15 minutt lange filmar, i tillegg til avhandlinga dei har skrive. Filmane er laga under rettleiing av staben på VKS, avhandlingane er rettleidd av antropologane ved Universitetet i Bamako, seier Waage.
Ein av filmane er om kvinnelege entreprenørar i batikkproduksjon - dei fargerike stoffa som er populære i drakter i heile Vest-Afrika. Den andre filmen handlar om mangel på drikkevatn i eitt av fattigkvartera i Bamako, og korleis denne mangelen på vatn styrer kvardagslivet til kvinner og barn. Medan den tredje filmen tek for seg enkers situasjon i Bamako. Mange enker opplever at svigerfamilien forventar at dei skal gifte seg med ein av brørne til sin avdøde ektemann. Eineansvar for ein barneflokk utan svigerfamilie, og utan støtteordningar frå staten, er ei stor utfordring.
Film engasjerer
- Eksamenslokalet var fullt av folk; offiserar, funksjonærar, mødrer. Dei diskuterte filmane ivrig. Vår erfaring er at film fungerer godt som grunnlag for diskusjonar og som eit viktig medium for kontakt på kryss av sosiale klassar. I Mali er over 60 % av befolkninga analfabetar. Ein av hovudmålstningane for prosjektet er å bidra til dialogar, fortel Waage.
Arbeider mot eit søsterinstitutt
- Nord i Mali har det brote ut borgarkrig, etter at tuaregar som var Gadaffis tidlegare soldatar har kome attendetil Mali, med mykje våpen. Det er ein trist og sårbar situasjon. Me opplever det som svært viktig å jobbe i Sahel-området no, med forsking og institusjonsbygging, i ei urolig tid.
- Samarbeidsprosjektet vårt har vart i fire år, og denne første delen blir no avslutta. Men grunnlaget for at me skal nå målet vårt, om permanentisering av eit søsterinstitutt til Visuelle kulturstudium her i Bamako, er veldig lovande, seier Waage.