Korleis spreier nye idear seg i lokalsamfunn?

Idear om globale og generelle tema, såkalla masteridear, kan vera med å setja igang og gje nytt liv til lokale idear. Men då må dei samstundes vera både abstrakte nok og konkrete nok, syner doktorgradsavhandlinga til Hilde Marie Pettersen.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.06.11 13:59 Oppdatert: 20.06.11 10:01

HMPettersen2.JPG












Hilde Marie Pettersen

- Masteridear må vera abstrakte nok til å kunne tilpassast ulike lokale prosjekt, men samstundes konkrete nok til å legitimere og autorisere at prosjekta får støtte og blir realiserte, seier Hilde Marie Pettersen, som har vore stidpendiat ved ISS og no arbeider som førstelektor ved UVETT.

Masteridear varierer med omsyn til kor utbreidde dei er, og korleis dei er utforma; standardar, lover, konsept eller visjonar om eksempelvis høgare utdanning og korleis ein skal skapa levedyktige lokalsamfunn. I tillegg til å drøfte kva masterideane er og kan vera, har studien til Pettersen retta seg mot aktørane, og om korleis dei har gjeve kraft til lokale prosjekt og masteridear.

Lokalsamfunnet Båtsfjord

Avhandlinga til Pettersen er basert på empiri frå studiet av seks prosjekt i Båtsfjord i tidsrommet 1996 til 2006; Båtsfjord opplæringssenter, Linken Næringshage, etableringa av lokal fullverdig vidaregåande skule, bygging av ny flyplass, kunstgrasbane og gjennomføring av konferansen Bare Hjell og Elendighet.

- Det er særleg møtet mellom det globale og generelle og det lokale og praksisorienterte som er omdreiingspunktet i studien: Korleis endringsprosessar går føre seg i lokalsamfunn som Båtsfjord, og korleis aktørar lokalt og i samspel med ulike aktørar i omgjevnadene set igang prosjekt for å skapa nye arbeidsplassar, heve kompetansenivået og oppretthalde lokalsamfunnet som ein god stad å bu og leva.

Også ny giv til gamle idear

Studien viser at masteridear ikkje berre er inspirerande for å setja igang nye lokale prosjekt, men også at masteridear kan bidra til å halde ved like, men samstundes omsetja og gje ny energi til lokale prosjekt som har ”reist” over mange år og vore gjennom både aktive og inaktive fasar.

- Båtsfjord er eit lokalsamfunn med særleg stor evne og kapasitet til å fange opp, halde ved like og handtere ulike idear. Dette har både vore forankra i system og i ei kollektiv haldning utvikla over fleire år, seier Pettersen.

- Prosjektet med å få etablert næringshage i Båtsfjord er eitt av prosjekta som har "reist" lenge, frå det første gongen vart introdusert som idé tidleg på 1990-talet, til Linken Næringshage vart etablert i 2006. Studien viser korleis ulike masteridear om innovasjon, nyskaping og kompetanse har bidratt til å vedlikehalde ideen samstundes som lokale aktørar aktivt har arbeidd for å skapa "match" mellom masterideane og dei lokale problemstilingane i samfunnet, avsluttar Pettersen.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.06.11 13:59 Oppdatert: 20.06.11 10:01
Vi anbefaler