1. Den gule blåklokka Campanula thyrsoides! To-årig art som sår seg sjølv blant valmuar i Alpesamlinga. Og 20 m mot sør: Blomstrande edelweiss. I motsett retning - vaflar!
Campanula thyrsoidea og kaféhuset. Foto: Arve Elvebakk, TMU. |
2. Himmelvalmuesøster (Meconopsis ’Lingholm’). Framleis på topp pga. den seine sommaren, og aller finast no i den nye peonsamlinga, medan vi ventar på at peonane der skal vekse til.
3. Bergfrue-sildrene i den nye dalen i sildresamlinga. Vi har aldri sett så stort eksemplar av langbladsildre (S. longifolia) som den som blomstrar der akkurat no.
4. På sørsida av Sør-Amerika står tøffelartane i full blomstring, serleg den patagonske steppearten Calceolaria lanceolata.
5. Området rundt fossen i Primula-samlinga. Der har serleg augustnøkleblom (Primula florindae) fått lov å spreie seg, og med litt fantasi kan du tenkje deg at du er i eit lite utsnitt av Aust-Himalaya − på 4500 m høgde.
6. Og for dei spesielt interesserte: I Sør-Amerikadalen har for første gong ein art (Loasa filicifolia) frå den eksklusivt sør-amerikanske familien Loasaceae overlevd ute. Den har stikkande piggar som vår eiga brenn-nesle, men store, rare blomster med farga honningblad inni.