Om forfattarmodulen i WISEflow

Skype-kurs for fagansvarlege som skal, eller vurderer å, lage fleirvalseksamen i WISEflow. Presentasjonen byr også på relevant informasjon som studieadministrative som skal rettleie fagansvarlege i bruk av eksamenssystemet.

Denne presentasjonen tek føre seg forfattarmodulen i WISEflow. Det er denne modulen vi bruker til å sette opp fleirvalsprøver i WISEflow. Det kan vere snakk om vanlege fleirvalsoppgåver, a la "multiple choice", men også fleirvalsprøver i vidare forstand, med meir avansert funksjonalitet og interaktivitet. Sjå dokumentasjon for spørsmålstypane her:

https://docs.learnosity.com/authoring/authorguide/questions 

Vi går igjennom korleis ein

  • lagar ein seksjon med spørsmål
  • definerer poenggivinga
  • bruker bilder, lenker, kalkulator
  • skriv matematiske symbol
  • lagar grafar
  • held de orden på spørsmåla
  • deler spørsmåla med samarbeidspartnarar
  • sett saman oppgåvesettet
  • ferdigstiller oppgåvesettet
  • leverer oppgåvesettet til administrasjonen

Merk at det å lage eksamensoppgåva i forfattarmodulen er ein av fleire måtar å ha eksamen i WISEflow på. I Wiseflow kan vi kan sette opp ulike typar eksamenar med ulike former for eksamensoppgåver. I dei fleste tilfella er ekamensoppgåva eit tekstdokument som fagansvarleg sender som ein PDF til administrasjonen, og som administrasjonen deretter lastar opp i eksamenssystemet og gjer tilgjengeleg for studentane på eksamensdagen. Sjå meir om korleis ein kan bruke ulike modular i WISEflow her. 

Bli med ved å følge lenka under: 

.........................................................................................................................................

Bli med i Skype-møte      

.........................................................................................................................................

Har du problemer med å bli med? Prøv Skype Web App

Bli med over telefon

+4777645945 (UiT)                           Norsk bokmål (Norge)    

Finn et lokalt nummer  

 

Konferanse-ID: 34500127

 Glemt innringings-PIN-koden?  |Hjelp      

 .........................................................................................................................................

 

Når: 17.04.18 kl 10.00–11.30
Hvor: Skype
Sted: Tromsø, Alta, Hammerfest, Kirkenes, Harstad, Narvik, Bardufoss, Storslett, Bodø, Mo i Rana
Målgruppe: Ansatte
Ansvarlig: Maria Myklestad

Påmelding
Frist: 17.04.2018
Fristen har gått ut. Beklager
Legg i kalender