Disputas - master i historie Miriam Jensen Tveit

Master i historie Miriam Jensen Tveit vil fredag 20. januar offentleg forsvare for ph.d.-graden i humaniora og samfunnsvitskap, studieretning historie.

 

Tittel på avhandlinga:

"In Search of Legal Transmission – Inheritance and Compensation for Homicide in Medieval Secular Law"

Denne avhandlinga undersøker graden av påverknad og overføring innanfor sekulær lovgiving mellom 300 og 1350, i lover som gjeld arv og drapsbøter. Var lovgivinga ein del av statskonsolideringa, eller var den påverka av interessene til familiar, eller var lovene påverka av andre skrivne lover i Europa? Avhandlinga leitar særleg etter korleis lovoverføring har skjedd innafor det vest-europeiske området over eit langt tidsspenn. Mellomalderlovgjeving var fundert på romarretten, men følgde si eiga utvikling utover i mellomalderen. Rettskyndige i Europa hadde kontakt seg i mellom, og ofte var dei inspirerte av same ideologi. Det førte til likskaper i lov over store område og over lange tidsspenn. Avhandlinga visar til fleire samanhengar mellom innhaldet i lovgjevinga i Skandinavia, England og på kontinentet. Denne studien har sin styrke i at den ikkje lar seg hindre av historiske tidsgrenser, og ved at den ser på fleire lovområde over dette lange tidsspennet. Slik vil både dei lange komparative historiske linene, så vel som den europeiske lovkulturen stå klårare fram.

Bedømmelseskomité:

  • Professor D.Phil. John Hudson. University of St Andrews, Storbritannia
  • Lektor PhD Helle Vogt. Københavns Universitet, Danmark
  • Professor PhD Richard Holt. UiT Norges arktiske universitet (leiar)

Disputasleiar:

Instituttleiar Fredrik Fagertun, Institutt for historie og religionsvitskap

Prøveforelesning finn stad i Auditorium B-1005 samme dag, kl 10.15-11.00

Når: 20.01.17 kl 12.15–15.30
Hvor: Auditorium B-1005, HSL-fakultetet
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Isak Måseide
Legg i kalender