Blomstringsvarsel fra 1. juli

Blomstringsvarsel 2015-5, 1.juli →    i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage – GÅ IKKE GLIPP AV:

 

1.         Marisko-orkidéane! Ole P. Olsen i Balsfjord donerte den rikhaldige plantesamlinga si til Bot. Hage i fjor. Den omfatta over 50 sortar og artar av dei fantastiske orkidéane i slekta Cypripedium, med blomster 7-10 cm store. Alle har overlevd, og mange blomstrar no, på oversida av Peonariet, her hagehybriden ‘Gisela’. 
 

 
2.     I Sør-Amerika er det no full blomstring på dei fire patagonske gaukesyre-artene. Den kvite Oxalis loricata er den sjeldnaste, men det er også ulike variantar av dei andre. Diverre opnar blomstrane seg berre i sol.
 
3.     Mørkeblå, store, klokkeforma alpesøter i Søte-samlinga.
 
4.     Dei første blå valmuesøstrene har begynt å blomstre no.
 
5.     Flotte farger i Nord-Amerika, serleg pga. fargene i dei mattedannande floksane.
 
6.    Rhododendron øvst i Hagen, og like ved: Dei blå akeleiene A. glandulosa var. jukunda i Sibir-skråninga.
 
 Polarflokk (Polemonium boreale) på øvre side av Arktis-haugen. Kun kjent frå Bugøynes i Aust-Finnmark på fastlandet, men vanlegare på Svalbard.  Og mot vest, den sjeldne myrklegg-arten Pedicularis groenlandica. Blomstrane har nærmast ein elefantsnabel.

Starter: 01.07.15 kl 00.00
Slutter: 07.07.15 kl 00.00
Hvor: Botanisk hage
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder:
Blomstringsvarsel-5-2015
Highlights-5-2015