Lysets magi på helleristninger

Dato/tid: 29.09.2011 19:00 - 29.09.2011 21:00
Sted: Skavberg, Sør-Kvaløya
Målgruppe: Alle
Ansvarlig:

Det er fantastisk å sjå nye helleristningar komme til syne, når arkeolog ved Tromsø Museum Jan Magne Gjerde bruker nattlysing på helleristningane ved Skavberg. Velkommen til Skavberg ved Larseng på Sørkvaløya torsdag 29.9. kl 19.

Nattfoto-Skavberget-2

Mellom anna nattfoto har gjeve grunnlag for nytolkning av helleristningane ved Skavberg. Foto: Jan Magne Gjerde

Dei fyrste helleristningane ved Skavberg vart oppdaga allereie i 1950. Nye teknikkar har gjort at ein nyleg har funne fleire helleristningar ved Skavberg. Ulike dokumentasjonsteknikkar har om lag dobla antalet figurar ved Skavberg, og totalt finns det no omlag 50 figurar.

Menneskefigurar, rein, elg, bjørn og geometriske rammefigurar er hugge inn i berget på Skavberg for fleire tusen år sidan. Den største av dei er ein elgfigur i nær naturleg storleik, om lag 3m lang.

Noko sikker datering av helleristningane er vanskeleg. Ein har tidlegare antatt at helleristningane ved Skavberget var frå Yngre Steinalder (4500 f.Kr-1800 f.Kr), men det er mogeleg at dei fyrste figurane ved Skavberg vart laga så tidleg som 7000 f.Kr.

Helleristningane ved Skavberg ligg mellom 18 m og 12 m over havet. Mest truleg er dei laga og/eller i bruk over lang tid, gjennom fleire tusen år.

Dei nye helleristningane som er funne dei seinare åra i tillegg til ny forskning på helleristningar har gjeve grunnlag for nytolkning av helleristningane ved Skavberg. Helleristningane kan inneholde informasjon om livet i steinalderen og mest truleg sjamaners reise.

Litt mer utfyllende informasjon enn denne korte presentasjonen finner man på kulturløypa for Skavberg skrevet av Jan Magne Gjerde her.

Arrangementet er del av Forskningsdagene.

Oppmøte ved Skavberg på Kvaløya.

Arr. Tromsø Museum - Universitetsmuseet


Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne