Haust 2022:    NOR-3032 Sosiolingvistikk - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emne som går i haustsemesteret.

Emnetype

Emnet kan takast som eit enkeltemne og er eit valemne i master i litteratur/språk, studieretning nordisk og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk.  

Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Opptakskrav: Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande gradsutdanning) med fordjuping i norsk språk og litteratur på morsmålsnivå (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i fordjuping må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i  emna som inngår i graden. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.  


Innhald

Tema for emnet er språkbruk og språkleg variasjon sett i lys av utanomspråklege tilhøve som geografi, sosial gruppe, kjønn, alder, kommunikasjonssituasjon o.a. Både teoretiske drøftingar og empiriske granskingar blir vektlagde. Kva for sosiolingvistiske forhold som blir tekne opp, kan variere, og vektlegginga av teori og empiri kan òg variere. 

Kva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane:  

  • har fordjupa kunnskapsgrunnlag (i høve til BA-programmet) og teoretisk og metodisk innsyn i utvalde sider av forholdet mellom språk og samfunn
  • forstår korleis språk og samfunn interagerer, både på generelt grunnlag og spesielt med utgangspunkt i empiri frå nordiske språksamfunn

 

Ferdigheiter:

Studentane kan:

  • analysere norskspråklege tekstar og diskursar i eit språksosialt perspektiv  

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråk er norsk.

Undervisning

Om lag 26 timar. Forelesing, gruppearbeid og arbeidsoppgåver.

Kvalitetssikring av emnet: 

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Vurderingsform: Dato: Varighet: Karakterskala:
Oppgave 30.11.2022 13:00 (Innlevering) 1 Semester A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Muntlig presentasjon Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram (til fastsett frist) ein munnleg presentasjon av en artikkel frå pensum innan ein fastsett frist.

Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.


Mer info om vurderingsform oppgåve

Eksamen består av:

  • Semesteroppgåve (ca. 10 s.) med sjølvvald emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret.

Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.


Kontinuasjonseksamen

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei semesteroppgåve, som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester.
  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3032