vår 2020:    LER-6303 Matematikkdidaktikk masteremne, del 3 - Elevar sin læring i matematikk - 10 stp

Søknadsfrist

Høsten 2019

Emnetype

Emnet er eit masteremne innanfor matematikkdidaktikk som blir undervist som ein integrert del av SUM-prosjektet

Opptakskrav

  • Fullført lærerutdanning med minimum 30 stp matematikk
  • Opptak er forbeholdt deltagere i forskningsprosjektet Sammenheng gjennom Undersøkende Matematikkundervisning (SUM)


Innhold

Eit sentralt mål med emnet er at studentene skal få kunnskap frå forskning som kan gjerast nytte av i eige klasserom, for å reflektere over og endre eigen undervisning. Det skal også danne grunnlag for å kunne skrive ein masteroppgave basert på undersøking av elevar si læring

Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsresultat:

Kunnskap og forståing Studenten skal ha avansert kunnskap om aktuell internasjonal matematikkdidaktisk forskning om

  • elevar sin læring i undersøkande arbeid i matematikk
  • elevar sin læring i og kunnskaper om ulike emne i matematikk
  • matematisk kompetanse, haldninger og oppfatningar
  • norske elevar sine prestasjonar i nasjonale og internasjonale undersøkingar

Ferdigheiter Studenten skal kunne

  • samanlikne eigne elevar si læring med sentrale funn frå forsking
  • anvende forskingslitteratur til å reflektere over korleis ein kan forbetre elevar sine læringsprosessar

Kompetanse Studenten skal

  • evne å bruke kunnskapen om forsking til å undersøke elevar si læring i ulike emne
  • evne å bruke kunnskap om elevar si læring til å utvikle egen undervisning og til å gjennomføre utviklingsarbeid


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Unvervisninga vil variere mellom utvikling av undervisning, evaluering av gjennomførte opplegg, og diskusjonar om forskningslitteratur.

Eksamen

Arbeidskrav Følgjande arbeidskrav må være godkjent før ein kan ta eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • Presentere refleksjonar rundt gjennomført undervisningsopplegg på minst to samlingar, varighet 10-15 minutt kvar.

Eksamen

Heime-eksamen der ein skriv eit fagleg essay basert på eigne elevar sine læringsprosessar. Oppgåve vert delt ut ei veke før innlevering.

Ved bedømming av eksamen nyttar ein karakterar etter ein skala fra A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.

Ved karakteren F/ikkje bestått kan ein ta kontinuasjonseksamen i byrjinga av neste semester. Arbeid kan leggast fram for ny sensur i omarbeidd eller supplert form.


  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: LER-6303